Hopp til innhold

Lukaku tangerte Ronaldo og Maradona då Belgia vann målfest: – Dei kan ta VM-gullet

Mange av favorittane i årets VM har trøbla, men Belgia fossar fram. – Dei er ein outsider til å ta gullet, meiner NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.

SOCCER-WORLDCUP-BEL-TUN/

I STORFORM: Romelu Lukaku og Eden Hazard ordna Belgia ein draumestart på oppgjeret mot Tunisia. Begge hadde scora før det var spelt 16 minutt. Vidare la Lukaku på til 3–1 i overtid i første omgang.

Foto: GRIGORY DUKOR / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– I dag viste Belgia for alvor at dei blir å rekne med. Dei har kvalitet nok i laget til å kjempe om gullet. Dei har jo kvalitetsspelarar i alle ledd. Og no ser dei også ut som eit lag, utdjupar Torp.

I spissen for Belgia sin 5-2-siger stod Romelu Lukaku. Med to mål i dag er han oppe i fire så langt i meisterskapen, like mange som Cristiano Ronaldo.

Lukaku vart også den første spelaren sidan Diego Maradona i 1986 til å score to mål i to VM-kampar på rad.

Han er dessutan no Belgias toppscorar gjennom tidene med 37 scoringar.

– Det er så enkelt å spele med Lukaku. Det er berre å gi han ballen, så scorar han kvar gong. Lukaku var fantastisk i dag, sa Eden Hazard til BBC etter «dei raude djevlane» si oppvising.

– Klasseavslutning

Belgia hadde faktisk ikkje scora i ein første omgang i VM sidan 2002 – det vil seie sju kampar – men var slett ikkje treige i gang mot Tunisia.

I det sjette minutt fekk Eden Hazard VMs 13. straffe då han vart lagt i bakken av Ben Youssef. Chelsea-profilen scora sjølv frå 11-metersmerket.

Då kvarteret vart spelt dobla Belgia leiinga. Romelu Lukaku avslutta kontant i mål med venstrefoten frå 15 meter.

– Ei klasseavslutning, sa NRK-kommentator Peder Mørtvedt.

1 av 11
4,893 visninger

Hazard scorer Belgias fjerde mål

  • Hazard scorer Belgias fjerde mål

    0:12
  • Trøstemål for Tunisia

    0:11
  • Lukaku øker ledelsen til Belgia

    0:39
  • Tunisia reduserer med Dylan Bronn

    0:11
  • Belgia får enda en sjanse

    0:15
  • Lukaku øker ledelsen til 3-1

    0:25
  • Hazard sender Belgia i ledelse 1-0

    0:36
  • Belgia prøver seg

    0:08
  • Belgia nærme nytt mål

    0:12
  • Nok en stor sjanse for Batshuayi

    0:13
  • Endelig for Batshuayi

    0:22

To ut på båre

Tunisia reduserte like etter då Dylan Bronn heada ballen i mål etter eit frispark.

Den same Bronn måtte berre sju minutt seinare berast av bana på båre.

Som om ikkje det var nok skjedde det same med Leicester-spelaren Yohan Benalouane tre minutt før pause.

FBL-WC-2018-MATCH29-BEL-TUN

Dylan Bronn reduserte først for Tunisia i det 18. minutt, før han berre sju minutt seinare måtte forlate bana på båre.

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

Tunisia gjekk til verket på frisk vist sjølv etter desse to skadane. Men defensivt skurra det ofte for afrikanarane. Det visste Romelu Lukaku å utnytte. Han vippa inn 3–1 på overtid i første omgang.

– Det er kanskje ikkje oppsiktsvekkande at Lukaku har scora fire mål så langt, men det er betre enn kva vi kan forvente, meiner Carl-Erik Torp.

– Ber ikkje om meir

Faktisk yppa Tunisia også tidleg i andre omgang. Men historia gjentok seg. Toby Alderweireld slo ein lang ball mot Eden Hazard i bakrommet. Belgia-kapteinen runda keeper og la på til 4–1.

– Hazard er kjølig som ein frysar der, sa NRK-kommentator Peder Mørtvedt.

I likskap med Lukaku vart også Hazard tatt av bana relativt tidleg – ifølgje Daily Mail fordi dei slit med anklane sine og treng kvile før sluttspelet.

I det 90. minutt ordna innbytar Michy Batshuayi Belgia sitt femte mål. Han hadde faktisk brent fire store sjansar før scoringa kom. Tunisia fekk også litt å glede seg over då Wahbi Khazri reduserte i overtida.

– Eg kan ikkje be om meir spelarane våre. Vi var skarpe i dag. Eg er veldig nøgd med at vi har scora så mange mål desse to kampane, sa Belgia-trenar Roberto Martínez i eit intervju med FIFA etter kampen.

Russia Soccer WCup Belgium Tunisia

Romelu Lukaku skal ha fått ein liten ankelskade mot Tunisia. Også Eden Hazard og Dries Mertens vart tatt av bana med mindre skadar. Ifølgje Daily Mail kan desse spelarane – og kanskje fleire også – få kvile i Belgia sin siste gruppespelkamp mot England. Dersom England slår Panama søndag er både England og Belgia vidare før laga møter kvarandre.

Foto: Victor Caivano / AP

PS. Ingen av dei 27 første kampane i årets VM har enda 0–0. Det er ny VM-rekord. Sist 0-0-kamp var finalen i 2014, då Tyskland måtte ha ekstraomgangar for å slå Argentina.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Medier: 23 kinesiske svømmere fikk delta i OL tross positive dopingprøver

    23 kinesiske svømmere skal ha fått grønt lys til å konkurrere under OL i Tokyo til tross for at de testet positivt for doping. Konklusjonen var at testene var forurensede.

    Det er skriver blant annet Daily Telegraph, New York Times og ARD.

    De aktuelle svømmerne testet positivt for det forbudte stoffet trimetazidin.

    Prøvene med hjertemedisinen ble avgitt under en treningsleir som ble gjennomført noen måneder før starten av Tokyo-lekene i 2021. Mesterskapet ble som kjent utsatt ett år som følge av covidpandemien.

    Kinesiske antidopingmyndigheter konkluderte innledningsvis med at dopingtestene inneholdt avvikende analytiske funn (AAF), men frikjente senere svømmerne for straff etter at undersøkelser viste at testene var utsatt for såkalt kontaminering.

    De kinesiske svømmerne med 30 medlemmer vant seks medaljer i Tokyo, inkludert tre gull.

    Daily Telegraph skriver at Verdens antidopingbyrå (Wada) og Det internasjonale svømmeforbundet ble varslet om de positive prøvene, men at også de stilte seg bak konklusjonen om at de positive testresultatene var forårsaket av forurensing.

    (NTB)

    Winter Olympics Salt Lake City
    Foto: Rick Bowmer / AP
  • Fiasko for Hamilton – røk rett ut i Kina-kvalifisering

    Den britiske superstjernen Lewis Hamilton får et blytungt utgangspunkt i søndagens Formel 1-løp i Shanghai etter å ha endt tredje sist i lørdagens kvalifisering.

    Mercedes-føreren fikk kjempeproblemer allerede i den første av tre kvalifiseringsrunder og klarte ikke ta seg videre til omgang to. Til slutt hadde han bare to førere bak seg.

    Hamilton forsøkte å sette en rask rundetid på tampen av åpningsomgangen, men gjorde en stor feil og tapte mye tid. Dermed måtte han slukøret sette kursen for paddocken.

    – Er dette årets dårligste kvalifisering for Hamilton? Det må jo være det? Sa Viaplay-ekspert Henning Isdal.

    – Vi ser at Toto Wolff er sur, supplerte kommentator Atle Gulbrandsen med henvisning til Mercedes-teamsjefen.

    Hamilton selv beklaget egen kjøring over teamradioen.

    (NTB)

  • Opprykk til A-VM for paralandslaget

    Fredag kveld sikret Norges paralandslag i hockey opprykk til A-VM etter å ha knust Sverige 3-0.

    Lørdag har Norge mulighet til å sikre gull i B-VM når de møter Tyskland til finale. Kampen spilles i Skien Fritidspark.

Sendeplan

Kl. Program Kanal