– Chris, be strong. I love you, ropa Romelu Lukaku etter at han hadde sett inn 1–0 for Belgia.
Lukaku er lagkamerat med Christian Eriksen i Inter, og var like sjokkert som alle andre då han høyrde om det forferdelege som skjedde med klubbkameraten i København tidlegare på kvelden.
Han dediserte scoringa til Eriksen på den måten, og vedgjekk at han var redd for kva som kunne skje med klubbkameraten.
Lukaku gret og var redd
– Eg gret mykje då eg høyrde kva som hadde skjedd med Christian. Eg var redd, sa Lukaku i intervjuet etter kampen. – Eg har vore meir saman med han enn med familien min.
Lukaku sa det var vanskeleg å spele kampen.
– Tankane mine var hos han og familien, kjærasten og hans to barn, sa Lukaku.
Lukakus hyllest og helsing til klubbkameraten blir også hylla på sosiale media.
Belgia vann kampen mot Russland i St. Petersburg nokså greitt 3–0 – Belgias landskamp nummer 801 gjennom historia. Og Lukaku, mannen som skal skyte Belgia til deira første meisterskap, fekk vise seg fram med to scoringar.
Ein overtydande siger for Belgia, som spela utan skadde Kevin de Bruyne.
Kort prosess før pause
Den belgiske lagmaskin avgjorde i grunnen denne kampen før pause, mot eit russisk lag som altfor ofte slurva med ballen og gav han bort. Det visste Belgia å utnytte.
Det gjekk berre ti minutt, så viste Romelu Lukaku sine kvalitetar. Dries Mertens sende i veg ballen mot ein klart offsideplassert Lukaku. Men to russiske stopparar rotar det fullstendig til og sender ballen til Lukaku. Offsiden oppheva, meiner den spanske dommaren, og lar Lukaku smelle ballen uhindra i nettet.
Det var landslagsmål nummer 61 for belgiaren, som scora sine to første mot nettopp Russland i 2010.
Midt i første omgang skalla Belgias Thimoty Castagne og Russlands Dalier Kuziajev knallhardt saman. Begge heldt seg tol hovudet, tydeleg smertefullt. Castagne måtte gå ut. Kuziajev prøvde å halde fram, men også han måtte ut eit par minutt seinare.
Innbytar dobla leiinga
Thomas Meunier kom inn for Castagne, og han brukte berre sju minutt på å doble for Belgia.
Thorgan Hazard la inn mot Mertens, som ikkje fekk kontroll i kampen mot russiske forsvarara. Ballen spratt inn framfor mål, og kom nokså overraskande på Russlands målvakt Anton Sjunin, som ikkje greidde anna enn å slå ballen ut i feltet. Der var Meunier heilt åleine og breisida ballen enkelt i mål.
2–0 ved Thomas Meunier
Russland måtte også gjere sitt andre byte før pause. Denne gongen var det Jurij Zjirkov som ikkje greidde meir. Zjirkov blei med sine 37 år og 296 dagar den eldste som har spela for Russland i eit EM.
Og det var ikkje slutt på byta. Denis Tsjerysjev, som kom inn etter ein halvtime, gjekk ut etter eit drygt kvarter i andre omgang. Med ein halvtime igjen hadde Russland dermed brukt opp heile innbytarkvoten.
Lukaku igjen
Russland prøvde å gå sterkt ut etter pause, og greidde å presse Belgia dei første minutta. Men det heldt ikkje. Dei skpte svært lite, og Belgia hadde små problem med å forsvare leiinga.
Derfor blei den siste omgangen nærmast ein transportetappe, med svært få sjansar. Belgia gjorde det dei måtte for å sikre dei tre poenga, Russland var aldri gode nok til å gjere noko med det.
Like før slutt demonstrerte Belgis kven som var best. Meuniers lange framspel var presist, og Lukaku kunne tilsynelatande leikande lett springe gjennom og trille inn sitt landslagsmål nummer 62. Heller ikkje her var det russiske forsvaret med i dansen.