NRK Meny
Normal

Vraka i Vålerenga – driblehelt i Lillestrøm

Mohamed Ofkir hadde dårlege haldningar og blei vraka i Vålerenga. Nå er 19-åringen fast på laget til erkerivalen.

Fra kampen mellom Lillestrøm og Sarpsborg 08 den 09.04.2016. Mohamed Ofkir med en finte som har blitt en hit på internett.

Du har kanskje lagt merke til Lillestrøms Mohamed Ofkir den siste tida? Viss ikkje bør du sjekke ut finta i videoen over.

For i vår har ikkje berre Ofkir med kallenamnet Moa, blitt fast på Lillestrøm, han har også blitt hit i sosiale medier med fintene sine.

Det kunne han sjå langt etter som juniorspelar i Vålerenga i 2013.

Hadde ingen framtid i Vålerenga

– Eg hadde dårleg innstilling, gjorde ikkje ting seriøst, og var ufokusert. Vålerenga og eg blei einige om at det ikkje var ei framtid der, fortel Ofkir til NRK.

Deretter kontakta han sjølv Lillestrøm og slutta seg til juniorlaget der. I fjor blei han henta opp på A-laget og fekk eliteseriedebuten i mai.

– Eg har lært og fått riktig innstilling. Eg bestemte meg for at det er det her eg vil og har jobba hardt og endre på detaljar som søvn og kvile.

Mohamed Ofkir

IMPONERT: 19-år gamle Mohamed Ofkir har imponert på Lillestrøms venstreside.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

Endringa har LSK-trenar Runar Kristinsson merka godt.

– Han har skjønt kor viktig dette er for han. Det tok lang tid for han, men nå er han verkeleg på veg. Han har fantastiske ferdigheiter med ballen og offensivt er han utruleg viktig for oss, seier Kristinsson som høyrte om fortida til Ofkir da han tok over trenaransvaret i fjor.

– Eg høyrte at han ikkje hadde oppført seg som han skulle før og da tok me ein prat om korleis me ville at han skulle oppføre seg. Me har prøvd å få han til å gjere dei rette tinga og det har han gjort.

Blitt inspirert av Youtube

Ferdigheitene til Ofkir har nettstader i Italia, Portugal, Belgia, Ghana, Marokko og Mexico fått auga opp for etter at Youtube-videoen som LSK sjølv laga blei spreidd verda rundt.

– Moa var litt skuffa over seg sjølv, så eg laga den eigentleg berre for å glede han litt. Så gjekk det eit par dagar og videoen blei plukka opp av fleire nettstader over heile verda, fortel mediasjef i Lillestrøm, Ståle Lindblad.

Og inspirasjon til finta har Ofkir nettopp frå Youtube.

– Det er utruleg kult, spesielt sidan eg har lært akkurat det trikset på Youtube og nå er eg ein del av det. Eg hadde ikkje trudd det skulle gå verda rundt, det blir nok fleire triks nå, lovar Ofkir.

Men trenar Kristinsson legg også vekt på at Ofkir på forbetre seg på andre område.

Han må bli litt flinkare defensivt og ta litt meir ansvar. I tillegg må han prøve å bli flinkare til å score mål sjølv, seier Kristinsson.

Siste nytt

  • Lorentzen til topps på 500 meter

    Håvard Lorentzen fikk en treg start på 500 meteren, men leverte en kanonrunde og vant 500-meteren i verdenscupen i Erfurt søndag. Lorentzen gikk på 34,85, og vant med 0,1 sekund på Jan Smeekens.

    – Det var deilig, sier Lorentzen til NRK.

    xz
  • Norge leder klart etter hoppingen

    Norge leder lagkonkurransen i kombinert etter hoppdelen. Jørgen Graabak, Espen Andersen, Jarl Magnus Riiber og Jan Schmid har 29 sekunders forsprang på Østerrike før langrennet. Finland er treer, 1.03 bak Norge.

    Norges kanskje største utfordrer, Tyskland, sviktet i bakken og er nummer fem. Tyskerne går ut 1.43 bak Norge.

    Graabak
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Pallen glapp på sisterunden

    Marte Olsbu lå på tredjeplass på sisterunden, men måtte til slutt gi tapt for finske Kaisa Mäkäräinen på søndagens fellesstart i skiskyting. Da ble det den sure fjerdeplassen på Olsbu.

    Darja Domratsjeva vant foran Anastasia Kuzmina.

    World Cup Skiskyting kvinner 15 km
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
VM skiflyging: Laghopp
VM skiflyging: Laghopp
Sport i dag
Sport i dag
Sportsrevyen
Sportsrevyen