LSK Kvinner tilbake på tabelltopp
LSK Kvinner klatra forbi Rosenborg etter ein jamn kamp heime mot Arna-Bjørnar.
LSK fekk ein draumestart på kampen når Emilie Woldvik kombinerte med Emilie Haavi etter ein corner. Førstnemnde sendte ballen opp i nettaket frå bortimot død vinkel, og sørga for at heimelaget leda til pause.
I andre omgang slo Arna-Bjørnar tilbake etter at Kristian Erman fekk stå heilt aleine på ein corner og stonga ballen i mål.
Men berre fire minutt seinare var Haavi nok ein gong på plass etter eit flott LSK-angrep, og sørga for at det enda 2–1 i LSK Hallen. Dermed klatrar LSK Kvinner til topps i Toppserien etter seks serierundar.