Nina Løseth gjorde i januar det ingen norske kvinner hadde gjort på 14 år. Verdscupsigeren i slalåm i Sante Caterina var svært etterlengta og har gjeve 27-åringen motivasjonsboost.
I sommar har ho og resten av lagvenninnene trent hardare enn nokosinne.
– Eg har vore mykje utanfor komfortsona rett her inne på Olympiatoppen, seier Nina og nikkar bortover.
Bytta til same merke som Kristoffersen
Ho er tilbake frå skisamling på New Zealand og er ein snartur heime i Oslo, 26 dagar før verdscupen brakar laus.
Både der og i styrkerommet i sommar har sunnmøringen blitt pusha hardt.
– Det har vore veldig ubehageleg. Me har vore gjennom mykje som har vore tungt mentalt og fysisk. Trenarane våre har pusha oss hardt og me har flytta nokre grenser. Det er den største skilnaden frå i fjor, fortel Løseth.
Etter suksessen i vinter valde Løseth å bytte skimerke til Rossignol, det same merket Henrik Kristoffersen køyrer på. For alle alpinistar er eit skibytte krevjande, så også for Løseth.
– Eg har vore litt nervøs, men eg følte eg trengte å utfordre meg sjølv. Det har gått mykje tid med til testing, men eg trur det har vore bra. Eg kan fort bli litt lat om det blir for lett, flirer ho.
Føler ikkje press
Vekene på New Zealand tidlegare denne månaden gav god bekrefting på at hardtreninga denne sommaren har gjort godt.
– Me merka det veldig godt da me kom på ski. Det var spesielt ein dag der ingen andre var på ski, det var dårleg vêr og dårlege forhold.
– Me sette opp løypa og køyrde på, det var bratt og me såg ingenting. Ingen av jentene klaga og eg trur det er eit resultat av alt det tøffe me har vore gjennom i sommar.
22.oktober i Sölden står ho på startstreken med eit større press frå alle rundt enn før. Media og folket forventar fleire verdscupsigrar. Sjølv tenkjer ho annleis.
– Presset har eg blitt skremd av og kjent mykje på før. Det kan godt hende de (media red.merk) legg press på meg, men det gjer meg ingenting. Eg legg press på meg sjølv, men eg omfavnar det mykje meir enn før.
Og målet er klart. Det er ikkje å vinne VM, men å prestere jamt heile sesongen. Da kan ei krystallkule som vinnar av ein av samalagtcupane plutseleg også bli eit mål.
– Mitt fokus er storslalåm og slalåmcupen. Klarer eg å vere jevnt topp fem gjennom sesongen, kan det vere realistisk.