Nina Løseth: – Det var tøft oppi der i dag

Nina Løseth blei slått i finaleomgangen, men tok ein finfin andreplass i storslalåmrennet i Killington i USA.

Nina Løseth kjører inn til 2. plass.

PÅ PALLEN: Trass litt vanskar i andre omgang, tok Nina Løseth andreplassen i storslalåmrennet i USA

Laster innhold, vennligst vent..

– Sjølv om eg leia, kjennes andreplassen som ein siger i dag, seier Løseth til NRK. Andreplassen er tangering av karrierebeste for sunnmøringen.

– Det var tøft oppi der i dag. Eg var litt ukomfortabel då eg stod åleine på toppen, men tenkte «søren heller, her er det berre å gripe sjansen».

Løseth var skuffa etter den dårlege opninga i Sölden. Så gjekk det betre med åttandeålass i slalåm i Levi.

– No fekk eg vise kva eg kan. Meneg har meir inne.

Løseth hadde berre ni hundredeler å gå på overfor Tessa Worley, som leia før Løseth avslutta konkurransen.

Med litt rusk på toppen tapte ho raskt dei hundredelene. Ho tapte nokre få hundredeler for kvar mellomtid, og var slått med 80 hundredeler då ho kom i mål. Omgangstida var berre 21. beste.

Men ho heldt likevel unna for alle andre, og enda på det nest høgaste trinnet på pallen. Tredjeplassen gjekk til italienske Sofia Goggia, som hadde beste omgangstid og køyrde sge opp frå 14.-plass.

Prikkfri førsteomgang

Skodda kom og gjekk og gav nokså ulike forhold i finaleomgangen.

Løseth var den først startande i første omgang, og køyrde prikkfritt. Tida heldt til leiing, ni hundredeler framfor franske Tessa Worley. Fredrica Brignone på tredjeplass var 64 hundredeler bak.

Ragnhild Mowinckel låg på 16.-plass etter den første omgangen, og køyrde seg opp til 11.-plass.

I morgon er det slalåmrenn i Killington.

– Det gler eg meg til. No er vi i gang, det er berre å rulle på, seier Løseth.

Sjå Løseths prikkfrie førsteomgang:

Nina Løseth

Ragnhild Mowinckels finaleomgang, som gav 11.-plass:

Mowinckel med godt renn i 2. omgang.

Siste nytt

  • Ruud endeleg i gang

    Casper Ruud er endeleg i gang med 2.-rundekampen mot Mario Vilella Martinez.

    Kampen skulle starta klokka 18.30, men blei utsett i over to timar på grunn av regn. Det var ei stund usikkert om det bille bli spel i kveld.

    Britain Wimbledon Tennis
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • LSK puster topplagene i nakken

    Et særdeles vellykket dobbeltbytte og en scoring av målmaskinen Thomas Lehne Olsen ga formsterke LSK 2-0-seier over Sarpsborg i Eliteserien onsdag.

    Lillestrøm sto med åtte seriekamper uten tap foran hengekampen på eget gress. Nå er rekken forlenget til ni. Samtidig klatret kanarifuglene til tredjeplass på tabellen.

    Opp til serietoer Bodø/Glimt skiller det kun ett poeng, mens ledende Molde har seks poeng til gode på mannskapet til Geir Bakke. LSK har samtidig én kamp til gode på begge.

    Thomas Lehne Olsen scoret det første, og har nå bare Moldes Ohi Omoijuanfo (15 mål) foran seg på toppscorerlista. Olsen har 12 mål.

    Det første målet i kampen kom fra innbytter Kaan Kairinens fot. Finnen kom inn i pausen og scoret nærmest umiddelbart.

    B_aef3N0KMg
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Haugesund slo tilbake

    Laurdag blei Haugesund det einaste eliteserielaget som måtte seie takk for seg i cupen alt i 1. runde. I dag kom dei sterkt tilbake med 2-1 over Strømsgodset.

    Kristoffer Velde sende heimelaget i tet med eit hardt skot etter 26 minutt. 1-0 blei også omgangsresultatet.

    Timen var spela då Ibrahima Wadji dobla leiinga og såg ut til å gi Haugesund ein grei siger.

    Men berre ni minutt etterpå reduserte Fred Friday for Godset, som var nær utlikning på overtid.

    Haugesund kleiv opp til sjetteplass med sigeren, og er berre tre poeng bak sølplassen på den jamne tabellen.

    Kristoffer Velde
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal