NRK Meny
Normal

Kurs for pallen: – Håvard har meldt seg på i EM

Håvard Holmefjord Lorentzen er på tredjeplass etter første dag av sprint-EM på skøyter.

Håvard Holmefjord Lorentzen fullførte et godt løp i EM

STERKT: Håvard Holmefjord Lorentzen leverte ein sterk 1000-meter og har kurs for bronseplass i meisterskapet

– Håvard har meldt seg på i EM, slo NRKs kommentator Even Wetten fast etter at Loretnzen også hadde teke tredjeplassen på 1000-meteren fredag kveld.

– Vi hadde tru på at han skulle blande seg inn i topp fem. No er han topp tre, seier Wetten.

Fana-løparen gjekk i par med sterke Kai Verbij. Ved inngangen til siste sving såg det ut som om Lorentzen skulle knekke den sterke nederlendaren, men det heldt ikkje heilt, og han blei slått med 22 hundredelar.

– Håvard leverer som han har gjort heile sesongen, og det er vel fortent at han er med i medaljekampen.

– Eg er veldig nøgd med to gode løp. Men det er jamnt, seier Håvard Holmefjord Lorentzen til NRK.

0,29 sekund bak leiaren

Verbij leier sprint-EM etter første dag, med Nico Ihle på andreplass. Lorentzen ligg 0,29 500 m-sekund bak Verbij.

På 500-meteren blei Lorentzen nummer seks, men med parsiger over ein annan sterk nederlendar, Kjeld Nuis.

– Det håpar eg å gjere i morgon også. Han er litt betre enn meg på 1000, så det hadde vor godt å ha litt meir å gå på, seier Lorentzen.

– Pallplass er mogeleg, men eg må levere to gode løp i morgon også. Det blir i så fall det største eg har opplevd som skøyteløpar, seier Lorentzen, som fekk førre sesong øydelagd av ein stygg skade.

Stabil

– Kan det halde heilt inn?

– Det er eit sjansespel, seier Even Wetten.

– Kjeld Nuis på fjerdeplass gjorde ein stor feil på 500 i dag. Det er ikkje sikkert han gjer det på neste 500, og han kan bli vanskeleg. Men alle kan feile, og Håvard er veldig stabil.

Norges andre deltakar i tidenes første sprint-EM er Espen Aarnes Hvammen. Han er nummer 9 i samandraget, etter 10.-plass på begge distansane fredag.

Sprintarane avsluttar sitt EM med 500 og 1000 meter også laurdag.

Samanlagt etter første dag

Resultat 500 meter

Resultat 1000 meter

Siste nytt

  • Storseier for Solbakkens menn

    Ståle Solbakken og FC København fikk en strålende start på oppkjøringen til vårsesongen. FCK slo Vejle 4–0 etter mål av Jonas Wind, Andrija Pavlovic og Federico Santander.

    Vårsesongen starter 4. februar. Da venter byrival Brøndby i cupen.

    Solbakken
    Foto: Claus Bech Andersen / NTB scanpix
  • Gjersem videre i EM

    Anne Line Gjersem er klar for friløpet i EM lørdag. Hun fikk 48,70 poeng for kortprogrammet torsdag, og er dermed kvalifisert som nummer 17.

     Anne Line Gjersem
    Foto: Yuri Kadobnov / AFP
  • Kvalifiseringen utsatt til i morgen

    Dårlig vær utsetter kvalifiseringen i VM i skyflygning. Starten er nå flyttet til fredag 14:30. Daniel-André Tande, Johann Forfang, Robert Johansson og Andreas Stjernen hopper for Norge.

    Tande etter siste rennet
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM kunstløp: Friløp, par
EM håndball menn: Kroatia - Hviterussland