– Ut ifrå alt som skjedde i fjor, er eg ikkje like «trigga» i år. Det er ikkje alle løp som er like spanande, seier bergensaren til NRK.
OL-GULL: I fjor vart det både gull og sølv under OL i Pyeongchang på bergensaren.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix26-åringen vann det første verdscupløpet i vinter. Laurdag gjekk han inn til eit historisk EM-sølv i sprint. Likevel er han ikkje heilt nøgd, målt opp med fjorårets sesong, der han vann tre verdscupløp og fekk gull i sprint både i OL og VM.
Suksessen i fjor meiner han er årsaka til at motivasjonen har gått ned.
– Ja, det kan man nesten sei. Fekk jo oppleve og vinne alt førre sesong, så det kan jo vere baksida med å gjere det. Men eg ville jo ikkje latt vere å vinne, seier han med eit smil.
Landslagstrenar Jeremy Wotherspoon fortel at han ikkje har diskutert dette veldig mykje med Holmefjord Lorentzen, men at dette er noko dei kjem til å snakke om etter EM.
– Det er ein naturleg reaksjon etter fjoråret som var eit stort år for han, då kan man oppleve ei endring og slite litt med motivasjonen frå dag til dag.
Tøft nivå
Nederlendaren Kai Verbij har vore suveren denne sesongen. I tillegg til det ferske EM-gullet i Collalbo i helga, har han tre sigrar i verdscupen.
Russiske Artjom Kuznetsov er også tilbake på eit sterkt nivå, og ikkje minst japanarane. Holmefjord Lorentzen er likevel ikkje veldig bekymra.
– Nja, eg vil jo helst vere på pallen fleire gonger. Men det er eit veldig tøft nivå. Så det er ikkje lett å vinne, men eg føler eg kan utfordre dei og vinne.
Trur VM-forma kjem
Nordmannen vil no fokusere på oppkøyringa til sprint-VM i Heerenveen 23 og 24 februar. Då trur han også at motivasjonen vil kome tilbake.
– Eg trur når vi kjem til Heerenveen med fulle tribunar, så kjem det til å gire meg opp enda meir, og då kjem eg til å gå raskare. Eg treng litt nervar og press på meg for å levere gode løp.
Wotherspoon meiner også at bergensaren vil finne att motivasjonen som trengst for å kjempe om gull i VM.
– Vi skal trene med høg intensitet fram mot VM, men ikkje så ofte som tidlegare. Når det kjem løp som du bryr deg om, då vil også motivasjonen kome, seier Wotherspoon.
VM-FORMA: Landslagstrenar Jeremy Wotherspoon er ikkje bekymra for VM-forma til 26-åringen.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpixOg 26-åringen kan forsikre oss om at han ikkje er lei av å gå på skøyter.
– Eg synst framleis det er gøy å gå på skøyter og det er veldig gøy på tur med resten av gjengen. Det er nok berre storleiken på konkurransane og kva som står på spel som «triggar» meg, understrekar OL-meisteren.