– Alle veit at god stemning er svært viktig for opplevinga på stadion, så difor prøver vi no og gå litt utradisjonelt til verks, seier AC Horsens sin direktør, Kristian Nielsen til lokalavisa Horsens Folkeblad.
Til liks med mange andre klubbar slit laget frå Jylland i den danske Superligaen med å trekke til seg publikum. Med eit gjennomsnittleg oppmøte på 3500 tilskodarar har dei altås valt ein ny måte å lokke til seg nye fans.
Nemleg gratis øl og inngang på stadion til mellom 100 og 200 personar.
– Det er vår eigen ide, og så må vi sjå, korleis det fungerer. Halvparten av opplevinga på stadion handlar om stemning.
Krev kontrakt
Men det er absolutt ikkje slik at du berre kan møte opp om du er øltørst. Klubben forlanger nemleg eit personleg oppmøte og signering av kontrakt.
– Ein kan ikkje kome gratis inn og stå og drikke øl i eit hjørne. Om det skjer, blir kontrakten oppheva, seier klubbdirektøren som kan melde om at så langt har dei hatt møte med 50 danskar som skal vere interessert.
– Vi skal kikke kvarandre i auga, før kontrakten blir signert, understrekar mannen bak det litt spesielle initiativet ovanfor lokalavisa.
Håpet er å få signert 100 til 200 personar for den kommande sesongen. Sjølv om klubbdirektøren sin største ønske er å fylle stemningstribunane på Casa Arena, kor det er plass til rundt 1000 personar.
Klubben spelar i dag i den danske superligaen, etter opprykk i 2016. I fjor enda klubben på sjetteplass i Danmark sin øvste divisjon.
Skummel utvikling
Åsmund Kleivenes som er prosjektleiar for «Idrett Uten Alkohol» i organisasjonen Edru Livsstil er derimot ikkje like glad for dette initiativet.
– Idretten bør vere ei alkoholfri sone. Fotball er noko som tiltrekke seg både barn og unge, og då bør det vere ei sone med trygge rammer, der vaksne er edru, seier han til NRK.
Han påpeikar at koplinga mellom alkohol og idrett er rar, då eit av hovudmåla til idretten er å betre folkehelsa.
Sjølv om han ikkje trur dette er noko som vil bli aktuelt i norsk fotball med det første, så er han bekymra for at alkoholen er i ferd med å ta eit større inntog i norsk idrett.
– Vi ønsker ikkje at det skal bli servert alkohol på norske idrettsarena. Vi ser det spesielt innan skiidretten at det er blitt populært med øltelt. Det er ikkje slik at promillen forsvinn når folk går ut av teltet, seier Kleivenes.