– Eg høyrde Ungarn sa at det er bra dei møter oss tidleg. Det skal vi bruke som ekstra motivasjon, seier Løke dagen før opningskampen.
Motstanderane peika på at Noreg ofte har opna meisterskapa med ein svak kamp før dei finn formen.
– Det viktigaste er det vi skal gjere sjølve. Det betyr å stå godt i forsvar, springe det vi kan, og kline til. Gjer vi det i to gonger 30 minutt, skal dei få slite, legg Løke til.
I firelandsturneringa sist veke sleit Noreg ein del med å få forsvaret til å funke perfekt. Ungarn utnytta rom på høgresida fleire gonger. Løke trur ikkje det skal bli noko problem når dei møter same laget på nytt i VM-opninga.
– Når vi spelar på vårt beste i forsvar. Vi må halde dei gode periodane lengst mogeleg, og det er jentene villige til å gjere. De skal få sjå eit tent lag, seier ho.
Med Mørk i forsvar
Angrepsspesialist Nora Mørk har fått ei langt større forsvarsoppgåve no enn tidlegare. Det er ei rolle ho meir og meir har hatt i klubblaget Györ.
– Folk trur vel eg er dårleg i forsvar fordi eg har bytta så mykje, seier Mørk og ler.
– Vi slo tre bra lag i helga og slapp inn færrast mål i den turneringa. Så vi veit vi ikkje er dårlege. Vi har noko bra på gang, fortel ho.
– Med Nora og Stine (Bredal Oftedal) i forsvarsspelet, får vi også støre breidde i kontringsspelet. Utan fart blir det ingen kontringar. Men vi treng også forsvar for å få kontringar, meiner landslagssjef Thorir Hergeirsson, som innrøm at Noreg treng meir stabilitet bakover.
Steg for steg
– Vi har trent godt dei siste dagane. Kor godt det er, veit vi ikkje før kampen. Men vi kjem til å utvikle oss gjennom turneringa. Vi tek steg heile vegen, det såg vi også i kampane sist helg. I periodar spelar vi godt, men det svingar, seier landslagssjefen.
Amanda Kurtovic ser også forsvarsutfordringane Norge står overfor.
– Det er nye folk som står ved sida av kvarandre. Det tar litt tid å vite kva dei andre gjer til kvar tid. Eg håpar at det sit til Ungarn-kampen.