– I går (laurdag) kom politiet igjen seint på kvelden til vårt hotell, og dei trengde signaturar frå Aleksandr. Dette var rett før klokka eitt på natta, og han er veldig trøytt. Det er katastrofalt, seier Russlands trenar Anatolij Khovantsev til NRK.
Gullvinnaren frå sprintdistansen i VM skulle hatt start nummer ein på dagens fellesstart i VM, men det russiske laget har meldt at han ikkje stiller til start.
– Er dette riktig?
Det russiske støtteapparatet har bestemt at Loginov ikkje skal gå, og seier at påkjenningane har vore for store dei siste dagane. Dei kritiserer det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), og nærast insinuerer at folk er ute etter å gjere alt for å stanse Loginov som tidlegare har vore utestengd frå all skiskyting i to år på grunn av EPO-bruk.
Khovantsev skjønner lite av kvifor italiensk politi stadig må gjere ny undersøkingar av Loginov. Russiske Rsport skriv at den russiske ambassaden i Italia hevdar at det så langt ikkje er funne spor av dopingmistanke etter laurdagens razzia.
– Eg forsøkte å spørje medlem av IBU kva det var som skjedde. «Me veit ikkje, me veit ikkje. Dette handlar om nyheiter i media, veit de», svarte dei. Eg skjønner ikkje dette. Fordi eg trur alle tilskodarar, trenarar og utøvarar investerer mykje i VM. Og me har mange dagar med mykje snakk om doping heile tida. Er det riktig? Det synest ikkje eg, seier Khovantsev og ristar på hovudet.
Den russiske trenaren seier til NRK at Loginov sin PC og mobiltelefon er beslaglagt i 1–3 månader. Han seier også at Loginov kjem til å stille til start i neste verdscuprunde i Nove Mesto. Laurdag lufta den russiske skiskyttaren at han vurderer å legge opp etter alt bråket den siste veka.
Tatt med falsk akkreditering
Bakgrunnen for laurdagens razziaer frå italiensk politi var ei falsk akkreditering som Loginovs personlege trenar, Aleksandr Kasperovitsj, hadde på seg. Akkrediteringa var ukrainsk, og det russiske laget har sagt at Kasperovitsj var i VM som turist, fordi dei ikkje hadde fleire akkrediteringar som dei kunne gje han.
Det var mistanke om at Kasperovitsj kunne ha frakta inn mistenkeleg utstyr, men verken Kasperovitsj eller Loginov er mistenkte, sikta eller tiltalte for noko. Italiensk politi har sett i gang etterforsking.
- LES OGSÅ: