Ødegaard scora ikkje, men var involvert i mykje i kampen i den spanske hovudstaden.
– Det er selvfølgelig spesielt. Det er et sinnssykt stadion og kult å være tilbake her. Men jeg prøver å ta det som en vanlig kamp, og jeg synes vi gjør det ganske bra. Det er spesielt, men du må tenke på det som en vanlig kamp, sa Ødegaard til TV 2.
Berre eit minutt etter kampstart måtte Sergio Ramos spele tilbake etter press frå nordmannen. Tilbakespelet var svakt, og enda i beina på Willian José, som sende gjestene i føringa framfor Santiago Bernabeus kravstore publikum.
15 minutt seinare kunne gjestene dobla, igjen med Ødegaard involvert, og igjen med José som avsluttar. Men denne gongen enda det med frispark til Real.
Men Real gnog seg litt etter litt tilbake i kampen, og åtte minutt før pause utlikna Karim Benzema på ei heading.
Hadde første omgang vore jamn, var det klart Real-overtak etter pause. Berre to minutt hadde gått så dei var i leiinga ved Federico Valverde. Og drygt kvarteret før full tid avgjorde Luka Modric kampen med 3–1.
Like før hadde Ødegaard svidd ein god sjanse til 2–2 mot sin eigarklubb. I god posisjon på 16-meterstreken sette han ballen rett på keeper.
Omstridde Gareth Bale kom innpå for Real midt i andre omgang, til enorm pipekonsert frå sitt eige publikum – ein pipekonsert som tok seg opp att kvar gong han rørte ballen.
Bale likar seg ikkje i klubben, og tidlegare i denne veka poserte han med eit flagg der det sto Wales (landslaget), golf og Real Madrid. I den rekkefølgja. Slikt blir ein ikkje populær av i Real Madrid. Men i sluttseskunda var walisaren likevel uhyre nær å setje inn det fjerde for heimelaget.