Ville scener oppstod på Anfield då sluttsignalet gjekk og Liverpool hadde banka Barcelona 4-0 i kveld. Manager Jürgen Klopp mangla nesten ord.
– Dette vart nesten for mykje for meg. Vi spela mot det truleg beste laget i verda. Det er vanskeleg på vinne, og å vinne utan baklengsmål – eg veit ikkje korleis dei greidde det, sa ein rørt Klopp til BT Sport.
– James Milner gråt ute på graset då kampen var over. Det betyr så mykje for oss. Det finst viktigare ting i verda, men å skape denne spesielle atmosfæren saman er så spesielt, og det er først og fremst spelarane det dreier seg om.
Klopp fortel at han ikkje såg det siste og avgjerande målet.
– Eg såg ballen fyke inn i målet, men eg såg ikkje hjørnesparket, og ikkje kven som tok det, sa Klopp.
– Det er heilt utruleg. Eg trur ikkje det var mange som gav oss nokon sjanse i kveld. Vi visste at det ville bli vanskeleg, men at vi kunne klare det, seier Liverpools kamptein Jordan Henderson til TV 2.
– Det er vanskeleg å finne ord, vi har trudd på det og visste vi måtte gi alt. Vi skal nyte dette og prøve å vinne finalen, seier kapteinen.
Han blei skadd i slutten av første omgang,men tok smertestillande i pausen, og fullførte kampen.
– Vi kunne ha halde fram med å springe, for det fansen gav oss var heilt utruleg.
Første meisterliga-scoringane
Liverpool mangla Mohamed Salah og Roberto Firmino. Men dei hadde Divock Origi. Og dei sette inn Georginio Wijnaldum frå start i andre omgang.
Ingen av dei hadde scora i meisterligaen før. Men i kveld gav det fire mål og finaleplass.
– Eg var veldig sint på manageren som sette meg på benken, og då måtte eg berre gjere noko for laget då eg først kom inn, sa Wijnaldum.
– Eg har ikkje sett noko liknande før. Eg spela mange gonger på Anfield og i den enorme steminga der, men dette var noko heilt spesielt, seier tidlegare toppscorar og noverande BBC-kommentator Alan Shearer.
Super-innbytar
Liverpools scoring før det var gått sju minutt skapte spenning.
Jordi Alba var ukonsentrert på ei heading tilbake, Sadi Mané snappa opp, Jordan Henderson kom på løp og skaut. Barcelona-keeper Marc-Andre ter Stegen gav retur, som Divock Origi lett sette inn.
– Vi kjempa, for vi visste dette skulle bli ein spesiell kveld. Vi kjempa også for dei spelarane som var skadde. Dette er ubeskriveleg, sa Origi etter kampen.
Resten av omgangen gav sjansar til begge lag. Liverpool-keeper Alisson leverte fleire gode redningar som hindra Barcelona i å få bortemålet som ville avgjort det heile.
Så small det to gonger i løpet av to minutt, og laga var like langt. Begge ved innbytar Georginio Wijnaldum. Han kom inn for skadde Andy Robertson, som slett ikkje var lei seg.
– Kven er i finalen? Det er vi, og det er alt som tel. Gini kom på for meg og scora to, sa Robertson.
Først smelte Wijnaldum ballen via keeper og i nettet. Så heada han inn i hjørnet etter innlegg frå Xherdan Shaqiri. Det tok berre 122 sekund, så var det 3-3 samanlagt.
Det avgjerande målet var det Origi som stod bak. Trent Alexander-Arnold la inn hjørnesparket, Barca-forsvaret sov, og Origi scora lett.
Barcelona makta aldri det livsviktige bortemålet. Det er Liverpool som skal spele finale i Madrid 1. juni. Den første finalen sidan 2013 utan enten Lionel Messi eller Cristiano Ronaldo.
– Redde og ute av stand til å finne svar
Den spanske journalisten Guillem Balague slaktar Barcelona.
– Over to kampar var Barcelona for dårleg, redde, og ute av stand til å finne svar. Og Messi, kvar var han den siste timen av kampen? seier Balague til BBC.
– Jürgen Klopp forstod betre enn hans kollega Ernesto Valverde kva som hende i første kamp. Då skapte Liverpool mange sjansar på sitt høge tempo, eit tempo som Barcelona sleit med. Dei fekk ikkje mål, men Klopp trengde ikkje å gjere store endringar til kampen på Anfield, legg journalisten til.
Slik blei det 1-0 ved Origo:
Slik blei det 2-0 ved Wijnaldum:
Slik blei det 3-0 ved Wijnaldum:
Slik blei det 4-0 ved Wijnaldum: