Liverpool stoppa av tysk forsvarsmur: – Ikkje eit draumeresultat

Liverpool-manageren, Jürgen Klopp, vedgår at uavgjort ikkje var eit draumeresultat i meisterligaoppgjeret på Anfield. Den svært underhaldande kampen mot Bayern München enda nemleg utan mål, sjølv om sjansane til tider hagla.

Salah

SJANSERIKT: Det vart eit sjanserikt oppgjer på Anfield.

Foto: Christof Stache / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

– For oss er det ok. Det er ikkje noko draumeresultat. Men vi kan leve med det, seier Liverpool-manager Jürgen Klopp i eit intervju med TV2 etter kampen.

Det kan nemleg bli tøft for Liverpool å reise til returoppgjeret med uavgjort frå heimekampen.

– Vi hadde minst 10 til 12 sjansar som var veldig lovande. Vi kan bedre og og skal kunne betre. Det er nok ikkje ein kamp vi kjem til å hugse om tjue år, seier den tyske trenaren vidare.

Han får støtte av Liverpool-kaptein Jordan Henderson om at det laget viste på heimebane lovar bra for returoppgjeret.

– Vi er skuffa over at vi ikkje klarte å lage mål, men vi heldt nullen og forsvarte oss bra. Vi hadde nok sjansar, spesielt i første omgang. Uavgjort er ikkje det verste resultatet i verda, seier kapteinen i eit intervju på TV2 etter kampen.

Uavgjort er nok uansett eit resultat dei tyske gjestane har størst grunn til å vere nøgd med. Eit fullsett Anfield hadde nok håpa at heimelaget skulle sikra seg siger i det første møtet i åttedelsfinalen i meisterligaen.

I andre omgang var det ingen tvil om at det var Liverpool som styrte kampen, og Bayern måtte legge seg meir bakpå. Halvsjansane stod næraste i kø, men dei klarte altså ikkje å bryte gjennom den tyske forsvarsmuren.

Joel Matip

SJANSERIKT: Det vart levert underhaldande fotball på Anfield, men oppgjeret enda mållaust.

Foto: Dave Thompson / AP

I det 85 minutt var Mane nær ved å avgjere for heimelaget. Ballen vart slått inn frå sida og Mane stuper framover, men han headar ballen ned mot næraste hjørne.

Serge Gnabry hadde fleire skot på Liverpool sin Alisson Becker i første del av andre omgang. I det 58 minutt dundra han ballen frå 25 meter, men det knallharde skotet gjekk over.

Ni minutt ut i andre omgang var det ein kjempemogelegheit for Liverpool. Salah er aleine med den tyske målvakta, men Bayern-forsvaret kjem seg på rett side og tvinga Egyptaren til å gjere feil.

Sjanserik start på kampen

Det vart ein sjanserik og særs underhaldande første omgang på eit fullsett Anfield. Det var to lag som begge turte å stå høgt og ville mykje, men Liverpool hadde nok flest skot mot mål.

Og sjølv om begge lag bydde på vakkert spel, brassespark og eit hav av mogelegheiter, så vart den første omgangen merkeleg nok mållaus.

Neby Keita

BRASSE: Neby Keita forsøkte seg med ein brasse i første omgang, men ballen vart stoppa.

Foto: Christof Stache / AFP

I det 32 minutt hadde heimelaget ein kjempemogelegheit til å gå opp i leiinga. Keita skyt frå 18 meter. Ballen går via ein Bayeren-spelar som kasta seg for å blokkere skotet. Endar hos Mane som får stå heilt aleine på ti meter. Men avslutninga går utanfor.

Til tider slurv i Liverpool sitt forsvar vart også godt utnytta av gjestane frå Tyskland som var hissige i angrep og skapte kluss på midtbana til Liverpool.

Den første sjansen kjem etter 12 minutt, då Henderson slår ein ball i bakrommet frå 50 meter. Salah er på løp og får avslutta, men Neuer får kontroll over ballen.

To sterke lag

Liverpool har vunne alle kampar heime denne sesongen i meisterligaen. Laget møtte PSG, Napoli og Røde Stjerne i gruppespelet og enda på andreplass, to poeng bak PSG.

Bayern München på si side kom seg gjennom gruppespelet utan tap. Dei møtte Benfica, Ajax og AEK i sin pulje. Fire sigrar og to uavgjort vart fasiten for den tyske storklubben.

Returkampen i Tyskland går 13. mars.

Kampen mellom Lyon og Barcelona enda også 0-0.

Siste nytt

  • Maanum klar for engelsk klubb

    Frida Leonhardsen Maanum (21) forlater svenske Linköping. Det bekrefter hun selv overfor svenske SVT. Hun forteller at hun har fått et tilbud fra England som hun ikke kunne takke nei til

    – De har en bra utvikling i ligaen, og det er noe jeg vil være med på. Det føles som det er en liga der jeg kan utvikles med mange gode spillere, sier Maanum.

    Hun vil ikke avsløre hvilken klubb det er snakk om, men det blir kjent ganske snart.

    Den norske landslagsspilleren har også en fortid i Lyn og Stabæk.

    Fotball kvinner, privatlandskamp: Sverige - Norge (1-0)
    Foto: Annika Byrde/ntb / NTB
  • VIF tok seieren i sluttminuttene

    Vålerenga og Stabæk hadde begge gått tre kamper uten seier før dagens kamp på Nadderud. Men Christian Borchgrevink ville gjøre noe med det.

    Han headet inn 1-0 for Vålerenga med fem minutter igjen av kampen. Han vant hodeduellen mot Stabæks reservekeeper Jonas Brauti.

    Reservekeeperen måtte nemlig inn etter 50 minutter spilt da Marcus Sandberg fikk rødt kort. Sandberg var på bærtur og for å unngå baklengs valgte han å bruke hendene utenfor sekstenmeteren. Dermed valgte dommeren å utvise ham.

    Seedy Jatta skulle til slutt punktere kampen og sette 2-0 for VIF etter strålende forarbeid av Osame Sahraoui.

    Med dagens VIF-seier klatrer Dag-Eilev Fagermos menn opp på tredjeplass i Eliteserien. Det er verdt å nevne at flere lag bak dem har kamper til gode.

    Eliteserien fotball 2021: Stabæk - Vålerenga
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Kjempestart for Hovland

    Viktor Hovland noterte en eagle, fire birdier og to bogeys på åpningsrunden av europatourturneringen München Open i golf. Det ga en meget god start.

    Den norske golfprofilen endte åpningsrunden fire slag under par. Underveis var han samtidig i vannet flere ganger. Et av slagene måtte han slå stående med den ene foten i vann.

    – Jeg slo ballen bra i dag, men hadde også noen dårlige slag. Alle gikk vannet. Det kan du ikke gjøre. Hvis man havner i vannet blir det tøft, selv om det er mange birdier der ute, sa Hovland til arrangøren etter endt runde. (NTB)

    PGA: U.S. Open - Second Round
    Foto: Michael Madrid / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal