Sportsnyheter

Historisk VM-gull til Lundby: – Vinner det rennet hun selv har laget

OBERSTDORF/OSLO (NRK): Maren Lundby skal ha all ære for at storbakke nå sto på programmet for første gang i et VM, og sikret samtidig at den historiske gullmedaljen ble hennes. En nedbrutt Opseth fikk hoppet spolert.

Sportssjef kalles inn på teppet etter brudd på smittevernregel

OBERSTDORF (NRK): Kombinertlandslagets sportssjef Ivar Stuan er én av flere norske ledere og utøvere som har brutt reglene under VM. Det får FIS til å reagere.

Siste nytt

  • Tre målgjevande av Graham Hansen

    Caroline Graham Hansen la tre målgjevande pasningar til Jennifer Hermoso då Barcelona slo danske Fortuna Hjørring 4-0 i meisterligaen i fotball.

    Returkampen går i Danmark i neste veke.

    Caroline Graham Hansen
    Foto: Marc Gonzalez Aloma / Zuma Press
  • Vurderer å kutte tre EM-byar

    UEFA ønskjer å kunne fylle halvparten av tribunene under fotball-EM i juni og juli. Derfor truar dei med å kutte ut tre av dei 12 planlagde vertsbyane, melder nyheitsbyrået AP.

    Det er Bilbao, Dublin og Glasgow som er i faresonen, fordi desse landa ikkje kan gi gode nok lovnader om at det kan la seg gjere.

    England derimot ønskjer fleire kampar etter at statsminister Boris Johnson meier det er gode sjansar for at restriksjonane kan lettast før EM. Men i Skottland er dei lokale styresmaktene mykje meir restriktive.

    I Irland er det forbod mot publikum på tribunene fram til 5. april, og UEFA har ikkje fått signal om at det kan bli oppmjukingar.

    I Spania er det lokalpolitikarane i Baskerland som er negative til å sleppe inn publikum.

    Også Irland har så strenge restriksjonar at UEFA truleg ikkje tek sjansen, seier kjelder AP har hatt kontakt med.

    UEFA vil ha eit revidert EM-opplegg klart seinast i april. Opningskampen skal etter planen gå i Roma 11. juni, etter at meisterskapet blei utsett frå i fjor på grunn av koronaepidemien.

    Fotball-EM 2020
    Foto: Michaela Rehle / Reuters
  • Storbakkegull til Maren Lundby

    Maren Lundby blir første verdsmeister i storbakke, 8,7 poeng framfor Sara Takanashi. Ho avgjorde med 130,5 meter i finaleomgangen.

    Gull til henne som har kjempa fram at kvinnene skulle få lov til å hoppe i storbakken.

    Silje Opseth blei nummre fem. Ho hoppa 138 meter i andre omgang, men fall.

    Thea Bjørseth blei nummer 14 og Anna Odine Strøm 27.

Sendeplan

Kl. Program Kanal