– Vi spela super fotball i 60 minutt, så gjekk vi over til å kontrollere kampen litt betre. Vi var aldri i fare for å tape dette, men skulle gjerne hatt det femte og sjette i starten av andre omgang. Men det gjorde vi ikkje, sa Liverpools Jürgen Klopp til Sky Sports.
Han var godt nøgd med seriestarten. Men han likte ikkje like godt at førstekeeper Alisson Becker blei skadd og måtte gå av bana før pause.
– Eg veit ikkje kor stor skaden er. Eg fekk inntrykk av det kan dreie seg om ein leggmuskel. Men det er nok heilt sikkert at han ikkje spelar onsdag, sa Klopp.
Liverpool skal til Istanbul for å møte europaligavinnar Chelsea i den europeiske supercupen den kvelden.
– Vi var naive før pause
Opningsomgangen på Anfield blei eit fyrverkeri, og Norwichs målvakt Tim Krul måtte hente fire ballar ut av eige nett før det var spela 45 minutt. Etter pause verka Liverpool nøgde med kvelden, og det enda 4–1.
– Når du kjem til Anfield, håpar du alltid at dei skal ha ein dårleg dag. Men dei var på frå start i kveld. Vi var litt naive før pause, og vår læringskurve er bratt, sa Krul.
– Men eg er stolt av det vi gjorde, og vi skal gjere det bra utover i sesongen.
Norwich var friske og offensive og skapte sjansar, dei også. Men det var klasseskilnad i effektiviteten i den friske førsteomgangen. Norwich vann skotstatistikken 6-5, men det stod altså 4–0 til Liverpool ved pause. Då såg det ut til å bli ein stygg kveld for dei nyopprykka gjestene.
– Å score fire i første omgang var ei stor oppmuntring for oss. Det var viktig å kome tilbake etter kampen mot City, sa Divock Origo. Han sikta til Community Shield-kampen sist helg, der Liverpool tapte etter straffer.
Klønete sjølvmål
Det første var rett nok Liverpool heldig med, då Norwichs forsvarsspelar Grant Hanley nokså klønete og heilt upressa laga sjølvmål. Men Salah, van Dijk og Origi sette inn mål som var alt anna enn flaks. Nyopprykka Norwich måtte gå til pause med fire baklengs.
Ti minutt før slutt sklei Liverpool-keeper Alisson ved eit utspark. Det gjekk tilsynelatande ut over ankelen, og han måtte bytast ut.
Etter pause makta ikkje Liverpool å halde trykket oppe i same grad, sjølv om dei produserte ei rad med sjansar. Det einaste målet var det Norwich som fekk, og fjorårets Championship-toppscorar Teemu Pukki sette inn Norwichs trøystemål.