LIV-golfarar kan få ranking-poeng
Spelarane på den omstridde LIV-touren i golf kan få offisielle rankingpoeng etter ein samarbeidsavtale med ein annan Midtausten-basert tour.
Onsdag blei LIV samd med touren Mena om ein avtale som inkluderer LIV-turneringane.
Mena er ein regional tour for Midtausten og Nord-Afrika, og har sidan 2016 stått på lista over dei 16 turneringane som gir poeng på den offisielle verdsrakinga (OWGR).
LIV-touren er basert i Saudi-Arabia og har lokka til seg fleire av dei beste spelarane med enorme pengepremiar, langt høgare enn det den tradisjonelle PGA-touren han tilby.
Det har ført til isfront mellom LIV og PGA, og LIV-spelarane er utestengde frå PGA-touren. Det har også ført til at LIV-turneringane hittil ikkje har gitt rankingpoeng. Det er rankingpoenga som gir deltaking i dei fire store årlege major-turneringane.
Det kan det bli endring på no. Dubai-baserte Mena og LIV håpar på rankingpoeng til LIV-spelarane allereie i turneringa i Bangkok komande helg.
Det får dei neppe, ifølgje Joel Beall i Golf Digest. Han meiner det ikkje er nokon automatikk i at LIV-spelarar får rankingpoeng sjølv om dei er i Mena. Han skriv også på twitter at det like gjerne kan føre til at Mena, som også justerer tevlingsformatet sitt til LIV-fotmatet, kan miste retten til å samle rankingpoeng.