Det går fram av ei gransking Transparency International har gjort. 25.000 fotballtilhengarar i 28 land har svara.
43 prosent seier også at dei har mista litt av glede med fotballen på grunn av dei mange skandalene i FIFA det siste året.
Men 50 prosent meiner også at FIFA kan klare å rette opp igjen tilliten seinare.
– Publikums tillit kan berre bli gjenoppretta dersom FIFA, IAAF og andre internasjonale idrettsorganisasjonar ikkje berre vedtek, men også synleg gjennomfører, omfattande reformer. Vi ventar ei endring i den retning i løpet av 2016, seier Gareth Sweeny, redaktør av Global Corruption Report: Sport.
Omfattande søkelys
Rapporten inneheld over 60 artiklar som set søkelyset på korrupsjon i idrett, og kjem også med forslag til løysingar.
Opnare styring av internasjonale idrettsorganisasjonar, uavhengige granskingar av kandidatar til sentrale leiarjobbar, større innsyn i organisasjonane sin økonomi og pengestraumar, og formelle reglar som skal hindre korrupsjon og brot på menneskerettane, er nokre av forslaga.
– Utgangspunktet er saker som er avdekka ikkje berre i FIFA, men også i andre organisasjonar over mange år. Rapporten drøfter desse problema og kva reformer som krevst for at tilliten til idretten skal gjenreisast, seier Tor Dølvik, spesialrådgivar for Transparency International i Norge.
– Det er ingen nyheiter i denne rapporten, det nye er at dette er samla i ein rapport av Transparency International i eit antikorrupsjons-perspektiv, seier han.
Stort behov for reformer
Dølvik meiner dette viser behovet for gjennomgåande og omfattande reformer i mange av dei internasjonale idrettsorganisasjonane.
– Kven er verstingane?
– Det skal eg vere litt forsiktig med å slå fast. Men det som er avdekka i FIFA siste året, tyder på at det der har vore nokså mykje, sjølv om ingen er dømd. Det same har vi sett innan det internasjonale friidrettsforbundet og i internasjonal cricket. Det har noko med sjølvjustisen i forbunda å gjere, at ein kanskje ikkje har gode nok mekanismer for å verne seg mot den grådigheita som korrupsjon er.
Han trur rapporten kan ha ein viss betydning.
– Rapporten kan gje gode innspel til alle som er involverte i idretten om korleis ein kan jobbe for å gjenreise tilliten. Spesielt gjeld dette for sponsorar og sentrale idrettspolitikarar, seier Dølvik, og viser til FIFA-kongressen fredag.
– Då får vi sjå om dei tek dette til følgje.