Hopp til innhold

Lindvik vann etter kjempehopp

Marius Lindvik vann hopprennet i Zakopane etter eit kjempehopp på 145,5 meter i andre omgang. Anze Laniek, som leia etter første omgang, makta ikkje å svare, og blei slått med 2,3 poeng.

– Eg hoppa bra i dag. Dette er ein prestasjon eg er veldig nøgd med, sa Lindvik.

Robert Johansson fekk 141 meter i andre omgang, og enda på tredjeplass, ein plass han også hadde etter første omgang.

Daniel André Tande blei nummer 10. Verdscupleiar Halvor Egner Granerud fekk det ikkje til og blei berre nummer 23. Han var nr 10 etter første omgang, men missa i den andre og fekk berre 128,5 meter.

Granerud held likevel samanlagtleiinga i verdscupen, 140 poeng framfor Markus Eichenbichler, som blei nummer 8 i Zakopane.

Johann Andre Forfang og Thomas Aasen Markeng kom ikkje til finaleomgangen.

Marius Lindvik
Foto: Janek Skarzynski / AFP

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal