Hopp til innhold

Nielsen heldt sjukdommen hemmeleg i årevis: – Dei var sjokkerte

Storbritannias Lina Nielsen (26) overraska treningspartnarane då ho delte sjukdomshistoria si etter VM. Nervesjukdommen multippel sklerose sette ein stoppar for sesongen, men ho vil ikkje la den stanse toppidrettskarrieren.

RKS01931_Lina Nielsen_3

OPNA OPP: Nielsen valde å stå fram med sjukdomshistoria si i sommar.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Nielsen tjuvstarta sesongen med personleg rekord, 54,76 sekund, på 400 meter hekk allereie i april. Gode plasseringar i Diamond League og ny pers i Roma på 54,73 skulle berre vere starten på eit fantastisk 2022.

VM-finale? Medalje på heimebane i Samveldeleikane? Ingen av delane? Då kom det alltids eit europameisterskap i München i slutten av august.

Når den hektiske meisterskapssommaren skal samanfattast på EMs siste dag, møter Nielsen NRK utanfor Olympiastadion i München. Det vil seie dagen etter at Storbritannias kvinner sprang inn til bronse på 4x400 meter stafett, slik dei også gjorde i VM.

RKS01805_Lina Nielsen_1

REFLEKSJON: 26-åringen møtte NRK på den siste dagen av EM i München.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Hadde sesongen gått slik ho ønskte, ville ho truleg stilt til intervju med ein medalje rundt halsen. Ho såg i staden VM-finalen frå hotellrommet. På Instagram fortalde ho at EM hadde smerta litt ekstra. Ho skulle også sprunge i Diamond League-finalen på torsdag, men heller ikkje det går som planlagt.

Sesongen som starta så bra, enda med eit gjensyn med sjukdommen som ho ikkje hadde merka noko til på fem år. Og som veldig få visste noko om før ho fortalde historia si til The Telegraph i sommar.

Nielsen: – Det var tårer over alt

Kvar morgon stiller Nielsen seg tre spørsmål:

  • Ser eg som normalt?
  • Responderer fingrane som eg vil?
  • Kan eg kjenne alle delar av kroppen utan at eg er nomen?

Før ho skulle VM-debutere i Eugene, var svaret nei på det siste spørsmålet.

– Eg klora ganske hardt på meg sjølv, seier Nielsen, og demonstrer korleis ho sette neglene i armen og febrilsk prøvde å lokke fram kjensla.

– Men eg kunne ikkje kjenne noko. Så fekk eg trenaren min til å gjere det, men eg kunne berre ikkje kjenne noko. Ein kan berre ikkje kjenne armen i det heile.

RKS01837_Lina Nielsen

TANKEFULL: Lina Nielsen verkar reflektert og ønskjer med historia si å bidra til auka merksemd rundt MS.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

VM enda som eit mareritt. Ho enda sist av dei åtte løparane i det fjerde forsøksheatet med tida 57,42 sekund, snautt tre sekund bak eiga bestenotering. Nielsen skulle normalt sett kunne spart krefter på oppløpet og kontrollert inn til ein plass i semifinalen

Men i staden enda det med fortviling. Ho gravla ansiktet i hendene medan tårene rann nedover kinna gjennom pressesona i Eugene. Ingen andre enn dei aller næraste visste kva som eigentleg hadde gått gale.

– Det var tårer over alt. Eg gret veldig mykje, seier Nielsen.

Les også Kristian (15) knuste Ingebrigtsen-rekord

Kristian Bråthen Børve under junior-NM i Bærum 28.08.22.

Måtte lære seg å gå igjen

Den britiske hekkeløparen meiner ho var i sitt livs form, men på årets viktigaste dag sprang ho seniorkarrierens kanskje dårlegaste løp. Og dermed rauk moglegheita til å vere del av det britiske laget som tok VM-bronse på 4x400 meter stafett, saman med den einegga tvillingsystera si Laviai.

Før ho skulle springe i Samveldelekene valde ho å stå fram med historia si.

– Det kjendest som eit bra tidspunkt å forklare kvifor eg ikkje hadde vore like rask som tvillingsystera mi, og kvifor det tok meg så lang tid å kvalifisere til ein verdsmeisterskap. Og også kvifor VM gjekk så dårleg.

VM

MEDALJEN SOM RAUK: Storbritannias VM-lag på 4x400 meter inkluderte tvillingsøster Laviai Nielsen (to frå venstre). Lina ville sannsynlegvis vore aktuell for å springe forsøksheatet. Nicole Yeargin (frå venstre), Victoria Ohuruogu og Jessie Knight er dei andre på biletet.

Foto: JIM WATSON / AFP

Nielsen var 13 år første gong kjensla av å vere nomen melde seg i venstre arm, men det var ikkje før ho hadde fylt 17 at ho vart diagnostisert med multippel sklerose (MS). Ho opplevde først eit MS-attakk som gjorde at ho såg dobbelt, deretter mista ho kjensla i store delar av kroppen.

– Eg opplevde lamming langs heile høgresida, så eg kunne ikkje gå eller gjere noko. Så eg måtte lære meg å gå igjen, lære å jogge, lære å springe ...

Den verste dagen i livet

Diagnosen sette ein støkk i henne.

– Eg handterte det ikkje veldig bra. Det var ein av dei vanskelegaste, sannsynlegvis den verste dagen i mitt liv, for å vere ærleg. Ingenting har vore så ille. Det kjendest som om nokon gav beskjeden: «livet ditt stoppar opp no». Det kjendest håplaust.

Tvillingsystera – 400-meterløparen Laviai Nielsen – fekk ikkje vite om sjukdommen før det hadde gått to månader. Det tok henne fem til seks år før ho kjende seg komfortabel med å snakke om sjukdommen. Sjølv treningspartnarane visste ikkje kva som gjekk gale i VM.

– Eg ville ikkje at MS, det høyrest ille ut, skulle vere ei orsaking. Eg ville ikkje at det skulle vere hovudgrunnen til at eg ikkje gjorde det bra. Så det kjendest ikkje relevant. Eg ville berre trene som ein frisk person. Dei var sjokkerte då det kom ut, seier Nielsen, som er overvelda av all den positive responsen.

Worlds Athletics

EIN SKUGGE AV SEG SJØLV: Lina Nielsen (til venstre) spring sist i mål i forsøksheatet sitt på 400 meter hekk i VM i Eugene i juli. Ho vart slått av løparar ho normalt ville slått med eit par sekund.

Foto: Ashley Landis / AP

Gjer seg aldri

Ho har det som blir kalla attakkvis MS (RRMS), som vil seie at kroppen blir utsett for attakk før den går tilbake til normal eller tilnærma normal tilstand. Nielsen fortel at ho har ein mild variant som gjer at attakk sjeldan finst.

– Nokre gonger blir ein ikkje heilt bra igjen, men eg har heldigvis hatt full betring etter anfalla mine, trur eg. Og så kan du gå lange periodar og fungere som ein sunn person, og så får ein eit attakk igjen. Ingen veit heilt kvifor det skjer, forklarer Nielsen.

UK Athletics Championships

GODE PERIODAR: Nielsen har lange periodar utan at sjukdommen pregar henne.

Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

I motsetning til dei to andre typane MS, primær progressiv og sekundær progressiv, vil ikkje attakkvis MS nødvendigvis bidra til ei forverring over tid.

For første gong sidan diagnosen vart stilt, vil Nielsen no starte med medisinsk behandling mot sjukdommen no til hausten.

Les også Øvelsen ble omtalt som et «uønsket stebarn» og vurdert fjernet – nå vil alle ha den

Germany European Championships Athletics

– Mental tortur

Ifølgje dei norske kollegaene hennar, Amalie Iuel og Line Kloster, har reaksjonane i friidrettsmiljøet vore svært gode etter at Nielsen delte historia si. Mange har vist si støtte og dei meiner openheita fører mykje godt med seg.

Eg tenkte først og fremst at det var veldig modig at ho valde å stå fram og ville dele det med heile verda. Det kan ikkje ha vore lett, seier Iuel.

Kloster stemmer i. Ho fekk vite om Nielsens sjukdom allereie i 2020, då dei to sat og snakka saman på ei konkurransehelg i Göteborg.

Eg vil jo seie at det er endå modigare å stille til start og vite at dette ikkje kjem til å gå vegen, det er jo mental tortur av seg sjølv. Og ja, så ... Veldig, veldig sterkt, seier Kloster med litt gråtkjøvd stemme.

Line Kloster_RKSJ

BEVEGA: Stemma til Kloster knekker litt når ho snakkar om situasjonen til Nielsen.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Kva synest du om at ho held fram med å stille opp?

Eg synest rett og slett at det er veldig, veldig tøft mentalt. Det er veldig sterkt å stå i det. Ho veit jo at dette ikkje kjem til å vere det mest morosame løpet i sesongen, så det er rett og slett imponerande.

Vegen vidare for Nielsen handlar for henne å sjå moglegheitene, og halde fokus borte frå at ho kan rammast av eit nytt attakk når som helst.

– Eg er ikkje ein som gir meg. Eg gir aldri opp, seier Nielsen.

Ho såg for seg å avslutte sesongen under den NRK-sende Diamond League-finalen i Zürich torsdag, men står ikkje på startlistene. Neste store mål er VM i Budapest neste sommar.

PS: NRK sender Diamond League frå Zürich både onsdag og torsdag, med mellom anna Jakob Ingebrigtsen i aksjon på 1500 meter.

Siste nytt

  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Norges håndballkvinner møter Danmark og Sverige i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og Sverige da trekningen for OL-turneringen i håndball for kvinner ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe A med Tyskland, Slovenia, Sverige, Danmark og Sør-Korea.

    Norges herrer møter Danmark, Frankrike, Ungarn, Egypt og Argentina i deres OL-gruppe.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    Norge var i samme seedingspulje som Kroatia, og kroatene var dermed de eneste Norge ikke kunne trekke. Frankrike fikk som tittelforsvarer velge gruppe etter at fem lag var trukket i hver. (NTB)

    gaGQ0Njsuwg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal