NRK Meny
Normal

Lillestrøm senka rivalen

Vålerenga står framleis utan poeng på bortebane i år, etter at Lillestrøm vann 2–0 i lokaloppgjeret på Åråsen laurdag.

Fred Friday

SCORINGSFORM: Fred Friday sende Lillestrøm i føringa med si sjuande scoring for sesongen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er herleg med ein derby siger, seier ein smilande blid LSK-keeper, Arnold Origi, til TV 2 etter kampen.

LSK var solide bakover og dei sjansane dei gav frå seg hadde Origi kontroll på.

Eliteseriens toppscorar sende heimelaget i føringa allereie etter ti minutt, då han kasta seg fram på ein laus ball i feltet og styrte inn 1–0 før det var spelt ti minutt.

Det var hans sjuande scoring for sesongen og han har no scora i seks kampar på rad. Det har ingen LSK-spelarar gjort sidan Gylfi Einarsson scora i sju kampar på rad i 2004. Clayton Zane har rekorden med ti kampar på rad frå 2001-sesongen.

Etter ein halvtime av kampen var Bassel Jradi frampå med eit skot frå hjørnet på 16-meteren, der han skrudde ballen inn i lengste hjørne som VIF-keeper Aslak Falch var sjanselaus på.

Dette er det alle venter på heile året, og møte Vålerenga og då er det fantastisk å ta tre poeng, seier LSK-trenar Rúnar Kristinsson til TV 2.

I andre omgang bølga spelet fram og tilbake, utan at nokon av laga klarte å skapa dei største sjansane.

– I dag slapp vi inn to mål, og scora ingen. Hadde vi scora på nokon av dei sjansane hadde det blitt ein heilt annan kamp, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal.

Før kampen hadde laga 14 sigrar kvar på dei 35 kampane mellom laga på Åråsen. No har LSK 15 mot VIFs 14. Sju kampar har enda uavgjort.

Vålerenga står framleis utan poeng på bortebane, medan LSK er uovervunne på heimebane i 2016.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Mjelde kåret til tredje beste

    Maren Mjelde ble søndag kveld stemt frem av spillerne selv som den tredje beste spilleren i engelsk fotball.

    Lagveninne fra Chelsea, Fran Kirby, vant prisen. Ji So-yun fra Manchester City tok andreplassen.

    SOCCER-CHAMPIONS-CHE-WOB/WOMEN
    Foto: ADAM HOLT / Reuters
  • Napoli senket Juventus

    De fleste av de store fotballigaene er avgjort, men i Italia er det fortsatt spenning.

    Søndag kveld tapte tittelforsvarer Juventus 0–1 mot Napoli på hjemmebane.

    Dermed er Napoli bare ett poeng bak Juventus på toppen av tabellen.

    FBL-ITA-SERIE A-JUVENTUS-NAPOLI
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
  • Salah kåret til årets spiller

    Liverpools storscorer Mohamed Salah ble søndag tildelt den prestisjetunge prisen som årets Premier League-spiller av den engelske spillerforeningen PFA, skriver NTB. Egypteren tangerte ligarekorden da han scoret sitt 31. seriemål lørdag.

    FBL-ENG-PR-WEST BROM-LIVERPOOL
    Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08