Hopp til innhold

Lillehammer vurderer ny OL-søknad

Lillehammer vurderer å søkje om eit nytt vinter-OL, men denne gongen i samarbeid med dei største norske byane.

Kronprinsen var 21 år da han tente OL-ilden i 1994. Nå vurderer Lillehammer muligheten for å gjenskape folkefesten ved å søke om vinter-OL, melder VG.

OL IGJEN? Det kan bli OL-fest i Lysgårdsbakkane på Lillehammer dersom vurderingane tilseier søknad om OL i 2026 eller 2030

– Det er lurt at eit nytt OL er eit prosjekt for idretten i heile Norge, seier Lillehammer-ordførar Espen Granberg Johnsen til VG.

Lillehammer har fått utarbeidd ein ekstern rapport med sterke og svake sider for ein eventuell søknad om vinter-OL i 2026 eller 2030. I førre veke vedtok Lillehammer å gå vidare med planene.

Espen Granberg Johnsen

- OL FOR HEILE NORGE: Ordførar Espen Granberg vil dele eit OL-arrangement med fleire av dei største byane

Foto: Erlend Kester Moe / NRK

Der går det fram at også Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger kan få enkelte øvingar, som ishockey- og curlingkampar.

– Initiativet er veldig bra, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg, som har vore i kontakt med Lillehammer om ideen.

Heiberg seier at IOCs Agenda2020 gir høve til meir fleksible løysingar for OL-arrangementa enn tidlegare.

Idrettspresident Tom Tvedt er også kjend med planene, men er noko reservert.

– Eg regristrerer ingen underskog av folk i idretten som ropar på eit stort initiativ. Søknadsprosessane i tilknytning til Tromsø og Oslo var tøffe for idretten, seier Tvedt til VG.

Det er berre to og eit halvt år sidan Oslos søknad om OL i 2022 havarerte på grunn av manglande statsstønad.

– Det kan kanskje provosere nokon. Men vi må likevel kunne diskutere nye sjansar for eit OL i Norge. Alle kjenner suksessen med OL i 1994 og ungdoms-OL i fjor, seier Heiberg, som går av som IOC-medlem til hausten.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal