NRK Meny
Normal

Lie Hansen: – Trur franskmennene er litt stressa

KRAKOW (NRK): I kveld står handballgutta ovanfor ei gigantisk oppgåve når dei møter handballens svar på Brasil. Men storskyttar Espen Lie Hansen trur verdsstjernene frå Frankrike er oppriktig redde for å miste semifinaleplassen mot Norge.

Lie Hansen skyter

HAR TRUA: Storskyttar Espen Lie Hansen har trua på at Norge kan true handballstormakta Frankrike i kveld.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

– Eg trur eg franskmennene er litt meir stressa enn vanleg. Dei må nok skjerpe seg litt ekstra for at dei skal kunne slå oss, seier Espen Lie Hansen.

Slo Frankrike i haust

Storskyttaren er meir enn klar for å gå laus på handballverdas tøffaste oppgåve. Etter at det berre blei eitt poeng mot Makedonia, er berre uavgjort eller siger godt nok mot dei regjerande EM, VM og olympiske meistrane.

Men i november slo Norge nettopp Frankrike i Golden League-turneringa. Det var riktignok ein treningskamp og verdas kanskje aller beste handballspelar, Nikola Karabatic spelte ikkje kampen. Likevel gjev tankar tilbake til november sjølvtillit før kveldens kamp.

– Ja, det gjer det absolutt. Begge kampane me spelte mot dei i haust var tette og me viste at me har ferdigheiter til å hamle opp med dei, seier Sander Sagosen som var kampens store spelar i november da han banka inn sju mål på sju skot i kampen Norge vann 32-29.

Sagosen mot Frankrike i november

IMPONERTE: Sander Sagosen scora heile sju mål da Frankrike blei slått i 32-29 i Nadderudhallen i november.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Fransk stjerne: – Blir vanskeleg å stoppe dei

Den franske stjerna Daniel Narcisse meiner Norge er enda betre nå enn da dei blei slått av før jul.

– Dei spelte veldig bra da, men det me har sett av dei til nå i meisterskapet har vore enda betre. Me må spele på vårt aller beste nivå om me vil vinne. Dei har gode spelarar på alle posisjonar og verkar til å ha det moro saman på banen. Det blir vanskeleg å stoppe dei, seier Narcisse som til vanleg spelar i den tyske storklubben THW Kiel.

Fransk stjerne. Narcisse.

VIKTIG: Veteranen på 36 år, Daniel Narcisse er ein av Frankrikes aller viktigaste spelarar. Han er imponert over kva Norge har fått til i EM.

Foto: AGENCJA GAZETA / Reuters

NRKs handballekspert Håvard Tvedten trur Norge nærmast har ein umogleg oppgåve framfor seg.

Kan ikkje slå dei på fysikken

– Det blir veldig veldig vanskeleg å slå dette franske laget. spesielt når Frankrike har så mykje å spele før. Det er vanskeleg å sjå noko som helst svakheiter i det franske laget, seier Tvedten.

– Er det mogleg i det heile tatt?

– Alt er mogleg, men me er nok ikkje der fysisk at me kan slå dei på fysikken. Men med ungt pågangsmot og den driven og bølga det norske laget har flyte på nå, så er det moglegheiter.

NB: Om Norge tapar mot Frankrike må me krysse fingrane for at Kroatia kan hjelpe oss ved å ta poeng frå Polen i kampen etterpå. Da er Norge klare for semifinale til tross for tap.

Norge-Frankrike kan du høyre på NRK P1 og dab-kanalen NRK Sport frå 18.05.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal