– Det er nesten uverkeleg. Det å vinne EM tre år på rad er så stort at eg ikkje trur folk kan forstå det, seier Anders Mol til NRK.
Dei russiske motstandarane og regjerande verdsmeistrane vart meir eller mindre feid av bana av dei to nordmennene i det andre og avgjerande settet.
– Vi har gjort vårt beste i alle kampane, men blitt betre og betre utover i turneringa. Den beste kampen leverte vi i finalen. Det er vilt, sa Sørum til Viasat etter kampen.
Til NRK fortel han at oppladinga til meisterskapet langt frå var knirkefritt.
Reserve flydd inn
Trenar og pappa, Kåre Mol, trudde faktisk at den norske duoen aldri skulle klare å forsvare EM-gullet. Dagen før EM starta var det nemleg stor dramatikk på hotellet i Latvia.
Anders Mol har lenge slite med ein skade i låret og så seint som kvelden før var det framleis usikkert om 23-åringen ville bli speleklar.
– Vi var faktisk i tvil om vi skulle la Anders spele. Vi hadde henta inn ein reservespelar kvelden før meisterskapet. Eg sa til gutane at dei aldri kom til å vinne EM likevel.
SPELEKLAR: Først kvelden før EM starta bestemte Anders Mol seg for at han ville stille til start i turneringa.
Foto: Håvard MolMannen som vart flydd inn er Svein Solhaug som spelar på Norge sitt tredjelag. Han måtte gjennom full koronatest og vart same kveld klarert for spel.
– Eg bestemte meg faktisk ikkje før kvelden før meisterskapt starta. Og eg angrar jo ikkje akkurat på det no, seier Anders Mol og ler.
– Han ville prøve og det funka jo. Hadde aldri trudd det skulle gå heile vegen inn, seier pappa Mol stolt.
Og som ikkje det var nok. Finalen måtte han også spele med bandasje rundt ankelen. Dette etter at han tråkka over tidlegare i sommar.
– Eg har sjølvsagt kjent smerta, men vi hadde heldigvis ikkje så lange kampar om gangen og det heldt jo inn, fortel den ferske EM-meisteren.
– Siste dagane var det to kampar om dagen, så det er ei solid belastning. Men vi har ikkje snakka så mykje om det. Vi har prøvd å ikkje fokusere på det, men han vil nok trenge nokon dagar kvile no, legg landslagstrenaren til.
Suverene
Dei regjerande verdsmeistrane, russarane Oleg Stoyanovskiy og Vjatsjeslav Krasilnikov, opna kampen best og hadde lenge eit solid forsprang. I kjent stil henta nordmennene dei to igjen og på stillinga 20–19 og norsk settball tok russarane timeout. Den russiske serven gjekk rett ut og dermed vann Mol og Sørum første sett 21–19.
Russarane starta også best i det andre settet, men Mol og Sørum fekk raskt overtaket og kunne meir eller mindre leike seg inn til EM-gull. Nordmennene vann settet 21–15.
– Kampen var utruleg bra frå vår side. Vi var litt bakpå i starten, men tar poeng for poeng. Gutane er imponerande kalde og balanserte gjennom heile settet og klarar å snu det til vår favør.
Russarane såg meir eller mindre ut til å gi opp i det andre settet.
– Vi avslører deira svakheiter. Servar kjempebra gjennom heile kampen. Anders byrjar å blokke bra og Christian tek nokon ballar i forsvar. Då kveler vi dei i andre settet. Det er superimponerande. Å vinne tre EM på rad er berre historisk og eg er ufatteleg stolt, seier landslagstrenaren til NRK.
Den norske sandvolleyballduoen tok seg til finalen søndag etter at dei tidlegare på dagen slo italienske Lupo/Nicolai i semifinalen. Nordmennene spelte ein jamn kamp, men vann likevel 2–0 i sett (27-25, 21-19).
I tillegg til å ha vunne EM to gonger tidlegare, har Mol og Sørum bronse frå VM i Hamburg i fjor. I august 2018 inntok laget førsteplassen på verdsrankinga som det første norske laget på 20 år.
Saman med gullmedalje og blomar får nordmennene også ein pengepremie på 20.000 Euro for EM-sigeren i Latvia.
EM er ein av få turneringa som er blitt arrangert i år. Neste sommar ventar OL i Tokyo, med dei to nordmennene som to soleklare favorittar.
– Ja, vi er nok det. Nå skal vi få ein solid vinter med trening og så får vi håpe det blir arrangert OL neste sommar, seier sandvolleyball-gutane.
FAVORITTAR: Dette er det tredje EM-gullet til dei to nordmennene.
Foto: Christian Charisius/dpa / NTB