NRK Meny
Normal

Leicester i natt: - Barcelona, we are waiting for you

Heile Leicester tok av for å feire det sensasjonelle ligameisterskapet i går, og festen i Midlands-byen varte i heile natt.

Voldsomme gledesscener da Leicester sikret seg ligagullet.

ENDELEG I MÅL: Her forstår Leicester-fansen at tidenes mest sensasjonelle ligagull er sikra

– Vi gjekk til sesongen med håp om å gjere det godt. Men ikkje på ein million år hadde vi trudd vi skulle vinne, ropte ein Leicester-tilhengar til NRK under jubelen i natt.

Sjå jubelen i Leicester-gatene:

Tusenvis av fans jubla seg gjennom byen med blå og kvite flagg etter den mest sensasjonelle meisteren i fotballhistoria.

Tusenvis av fans jubla seg gjennom byen med blå og kvite flagg etter den mest sensasjonelle meisteren i fotballhistoria.

Spelarane hadde fri i går og kunne sjå avgjerda på tv. Det gjorde dei fleste av dei heime hos toppscorar Jamie Vardy.

Sjå spelarane sine reaksjonar her:

Leicester-spillerne ser på avslutningen av Chelsea -Tottenham-kampen.

NRKs reporter var midt i gledesscene på ein av byens pubar der det var fullt av Leicester-fans som hadde følgt kampen på tv. Og der alt eksploderte i kaos etterpå.

– Det som skjer her, kan ikkje beskrivast. Det er rett og slett berre ellevilt, sa reporter Patrick Sten Rowlands.

Sjå NRKs reporter omringa av elleville Leicester-fans på puben etter at ligagullet er klart:

NRKs reporter Patrick Sten Rowlands var med på feiringen etter Leicesters historiske ligagull i natt.

FEST: NRKs reporter midt i jubelen i Leicetser

Byen eksploderte

Det var stille i gatene medan Chelsea og Tottenham spela i går kveld. Men då det var klart at kampen enda 2-2 og at Tottenham hadde tapt to poeng og ikkje lenger kunne true Leicester, eksploderte det over alt i byen.

Leicester hadde teke sitt aller første seriemeisterskap i ligaens 128 år lange historie. Og det til dei grader mot alle odds for laget som kjempa mot nedrykk så å seie heile forrige sesong.

Leicester-jubel

ODDSBOMBE: Leicesters ligagull er nok tidenes fotballsensasjon, og gir 5000 gonger pengane tilbake for dei som våga å tippe Leicester-gull før sesongen tok til i august

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

– Det er heilt ufatteleg. Det fortel kva lagånd kan utrette, seier ein av dei jublande tilhengarane midt i jubelen.

– Eitt lag, ein familie

– Kven er det å takke?

– Alle: Spelarane, manageren, fansen, eigaren. Det er eitt lag, ein familie, skyt ein annan inn. – Dette beviser at du ikkje trng store pangar for å vinne ligaen.

Før dei stemmer i: – Champions League, here we come. Barcelona, we are waiting for you.

– Har de stemme igjen no?

– Å ja, vi har plenty. Vi skal bruke den heile veka, og neste veke. Og endå lenger. Vi er best i England.

Går ikkje på jobb likevel

– Skal de på jobb i morgon?

– Eg må seie ja. For sjefen min kan sjå dette, seier ein annan supporter til NRK.

– Men dette er norsk tv.

– Å, då ser han det nok ikkje. Nei, eg skal ikkje på jobb. Ikkje i morgon.

Siste nytt

  • Johansen-scoring i Fulham-tap

    Norges landslagskaptein, Stefan Johansen, scoret sitt fjerde seriemål for sesongen da Fulham tapte 1–2 mot Aston Villa i engelsk mesterskapsserie lørdag.

    Stefan Johansen
    Foto: Alan Walter / Reuters
  • AaFK reddet poeng på overtid

    Aalesund utlignet til 1-1 på overtid mot Kristiansund lørdag. Dermed sikret de seg et viktig poeng i nedrykksstriden. Like før slutt stormet Kristiansunds Torgil Gjertsen mot AaFK-målet som var åpent, men sentret i stedet for å skyte og det ble bom.

    Aalesund - Kristiansund.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal