Hopp til innhold

Lehne Olsen blei nekta spel – var nær sjokkretur

Like før nyttår forlét Thomas Lehne Olsen Lillestrøm og Noreg. Men overgangen gjekk ikkje heilt som planlagt.

Thomas Lehne Olsen

TURBULENT: Thomas Lehne Olsen fekk ein humpete overgang til Dubai. Her er han på plass hos den nye klubben sin.

Foto: Shabab Al-Ahli Club

Etter ein fantastisk sesong i Lillestrøm vart neste stopp Shabab Al-Ahli Club i Dubai for mannen som fekk landslagsdebuten sin i november.

Overgangen har likevel på langt nær gått på smertefritt.

Klubben frå Dei foreinte arabiske emiratane hadde nemleg ein overgangsnekt dei sjølv ikkje var klar over, og Lehne Olsen missa tre moglegheiter til å debutere for Shabab Al-Ahli Club.

Fotball VM-kvalifisering herrer 2021: Norge - Latvia 0 - 0

FEKK NORGE-DEBUT: Thomas Lehne Olsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er klart det er kjedeleg, men det er jo ingenting eg får gjort noko med, seier Lehne Olsen til NRK.

– Eg har prøvd å halde meg litt unna, men det er klart at både Lillestrøm og agenten min har vore «på», fortel spissen.

Shabab Al-Ahli Club blei ikkje merksam på overgangsnekten før etter at Simon Mesfin, sportssjef i Lillestrøm, oppdaga nekten då overgangen skulle formaliserast i Fifas system.

– Trur ikkje klubben forstod det

Simon Mesfin, sportssjef i LSK.

SPORTSSJEF: Simon Mesfin i Lillestrøm.

Foto: Audun Braastad / NTB

Mesfin forklarer at då han sjekka Fifas system for overgangar, TMS-systemet, før dei gjekk i gang med forhandlingar om overgangen, var det ingen opplysningar om noka sanksjonering mot klubben.

Men då klubben tidleg i januar var ferdig forhandla og skulle leggje inn informasjonen om overgangen, oppdaga Mesfin at noko hadde skjedd sidan sist.

– Då står det at klubben har ein overgangsnekt. Det viser seg at dommen var så fersk at den slo inn akkurat då vi såg det. Det var ingen andre som hadde sett det, og eg trur nesten ikkje klubben forstod det, seier han.

Det viste seg at Shabab Al-Ahli hadde vore i ein langvarig konflikt med ein enkeltspelar. Saka blei behandla av Fifa.

– Men at dommen vart sett i kraft då, var ingen klar over. Og det var ikkje mogleg å finne den historikken, seier Mesfin.

Eliteserien i fotball 2021: Molde - Lillestrøm (3-3).

ÅRETS MÅL: Thomas Lehne Olsen sette ei frisparkperle mot Molde sist sesong.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Vart mykje rot

For at Lehne Olsens overgang skulle bli godkjent måtte emiratklubben gjere opp for det uteståande beløpet til den aktuelle spelaren, noko Mesfin fortel at dei raskt gjorde.

Men utfordringane stoppa ikkje der.

– Det handla om det byråkratiske. Ein ting var å dokument at dei hadde gjort opp for seg, og det hadde dei, men det er eit Fifa-byråkrati som skal gjerast i tenesteveg. Dei hoppa over nokre ledd og trudde det var i orden, men så var det ikkje i orden likevel. Det vart mykje rot der frå deira side, seier Mesfin.

– Det var jo litt dramatisk på slutten, for vindauget var berre ein månad, og om dei ikkje hadde rydda opp innan månaden var over, kunne vi fått Lehne Olsen tilbake til LSK, seier Mesfin.

– For oss hadde det vore ein gledesdag om vi kunne fått tilbake Lehne Olsen. Det snakka eg med Lehne Olsen om, òg.

30-åringen fortel at det ikkje var noko han tenkte på, men at dei heldt dialogen for å vere førebudde på «verste fall».

Klubben forsikra om at det ville gå i orden, men samtidig drygde det.

Så alternativet hadde vore å vende heim til Lillestrøm, ja, seier Lehne Olsen.

Eliteserien fotball 2021: Lillestrøm - Sandefjord (2-0)

VIKTIG: Thomas Lehne Olsen var ein viktig del av laget som enda på fjerdeplass i eliteserien sist sesong.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

«Good to go»

30-åringen fortel at det meste no er på stell i Dubai.

– No er det einaste som manglar familien som skal komme nedover, elles så er vi «good to go».

– Og du er klar?

– Ja, absolutt. Folk trur eg berre har gått hit berre fordi det er ein fin økonomisk pakke, men det er andre grunnar til at eg har gått hit òg. Eg har lyst til å vise meg fram og lyst til å bli ein betre fotballspelar, seier han.

Søndag tek Shabab Al-Ahli Club imot botnlaget Emirates Club.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal