Tikhonov bygde opp og leia det nesten uovervinnelege sovjetiske landslaget frå slutten av 70-talet og fram til Sovjetunionens oppløysing rundt 1990. I denne perioden vann Sovjet VM-gullet åtte gonger.
– I går mista russisk ishockey og russisk idrett ein person som ikkje let seg erstatte. Den legendariske spelaren og trenaren Viktor Tikhonov gjekk bort, var meldinga det russiske ishockeyforbundet sende ut i dag tidleg.
Putin kondolerte
Russlands president Vladimir Putin har personleg sendt sine kondolansar til familien.
84-åringen har vore sjuk lenge, og vart innlagd på sjukehus i slutten av oktober.
Tikhonov bygde opp det sovjetiske hockeylandslaget til å vere det suverent beste gjennom meir enn eit tiår. Laget var også austblokka sitt sterkaste idrettslege symbol gjennom siste delen av den kalde krigen.
Knallhard disiplin
Han var kjend for sin diktatoriske stil, med nesten full kontroll over spelarane. I 10-11 månader i året var landslagsspelarane samla og måtte bu i brakker heile den tida.
Men det verka. Ingen kunne matche Sovjetunionen i ishockey.
Åtte gonger tok laget VM-gull og tre gonger OL-gull med steinansiktet Tikhonov ved roret. Samstunde leia han også klubblaget CSKA Moskva til 13 strake sovjetiske ligagull frå 1977 til 1989.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen heldt han fram som landslagstrenar for Russland til 1994. Men med perestrojkaen og glasnosten i sovjetisk politikk og seinare oppløysing av Sovjetunionen, fekk stjernene lov å reise til NHL-spel i Nord-Amerika, og landslaget vart aldri meir det same.
«Miracle on Ice»
Tikhonovs aller bitraste nederlag kom i OL-finalen i Lake Placid i 1980. Det uovervinnelege Sovjet-laget tapte 4-3 for USAs amatørlandslag i kampen som amerikanarane framleis omtalar som «Miracle on Ice».
Som aktiv spelar var Viktor Tikhonov med på å ta fire ligatitlar frå 1951 til 1954 med Dynamo Moskva.
Tikhonovs soneson som også heiter Viktor – er aktiv spelar for KHL-laget SKA St. Petersburg, saman med Patrick Thoresen. Han spela for Russland i OL i Sotsji i februar.
– Han er ein heil vanleg bestefar. Han har alltid vore snill og hjelpsam. Eg har sjølvsagt høyrt om hans enorme krav til disiplin som trenar. Men for meg har han alltid vore ein snill bestefar, sa unge Viktor etter OL.