Hopp til innhold

Legen trudde ikkje Mjelde kunne spele fotball igjen

Noreg-kaptein Maren Mjelde (32) kan få dei første landslagsminutta sine på halvtanna år. Først i ettertid høyrde ho kor ille skaden eigentleg var.

Maren Mjelde

TILBAKE: Maren Mjelde pådrog seg ein stygg kneskade under ligacupfinalen 14. mars i fjor. Tysdag kan ho få dei første landslagsminutta sine sidan vridinga.

Foto: Peter Cziborra/Stian Lysberg Solum / Reuters/NTB

Det er gått over eitt år sidan Mjelde måtte forlate ligacupfinalen på båre.

Skaden sette ein dempar på feiringa for Chelsea, som heldt opp ei drakt med Mjeldes namn då trofeet vart løfta.

Etter operasjon og opptrening var Mjelde tilbake på banen i november i fjor. På det tidspunktet tenkte ho at comebacket var ein av dei største augneblinkane i karrieren.

«Tek dette meg nokon stad?»

Men eitt innhopp og éin kamp seinare skjønte ho at noko var gale. Kneet vart så ille at ho knapt klarte å gå i trappene.

Då bestemde Chelsea og Mjelde seg for å starte på nytt – igjen.

– Når ein i ettertid får beskjed om at folk rundt deg ikkje trur du kjem til å spele fotball igjen, så surrar den tanken rundt. Når ein ikkje klarer å gå på to–tre månader, korleis i alle dagar skal ein springe etter ein ball?

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Albania - Norway

KAPTEIN: Maren Mjelde er ei viktig brikke for Noreg.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Mjelde fortel at det vart bassengtrening i nesten tre månader.

Klubben heldt henne heile tida igjen for ikkje å få eit nytt tilbakeslag. Sjølv om ho kjende seg klar, sette Chelsea foten ned.

Nokre dagar var verre enn andre.

Eg har hatt vondt, og eg har ikkje hatt lyst til å trene. Tek dette meg nokon stad? Men så blir det betre. Berre dei små tinga som blir betre kvar dag, må ein klamre seg fast til, seier Mjelde.

No har ho skjønt kor bekymra det medisinske teamet faktisk var.

Eg fekk jo beskjed av legen i ettertid at han var veldig usikker. Han kan ikkje seie det til meg der og då. Du kan ikkje seie til nokon at dei ikkje kan spele igjen. Dei må berre seie: «Gjer jobben, gjer rehaben, så kjem dette til å gå bra».

– Eg skjønte det ikkje der og då, for eg tenkte: «Nei, nei, eg skal spele fotball igjen», seier Mjelde.

Football, Norway, kit launch portraits
Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Fekk testa psyken

Etter undersøkingar fekk 32-åringen stadig beskjed om at ho treng lengre tid.

Dermed vart vegen tilbake endå lengre og tøffare enn venta.

Eg har snakka med folk på vegen og har veldig god hjelp i ein personleg psykolog, som eg snakkar mykje med og har fått meg inn på rett tankesett. Eg føler at eg alltid har hatt ein sterk psyke, men han har verkeleg vorte testa det siste året. Når eg har komme meg gjennom sånn, så skal eg i alle fall komme meg tilbake til der eg ønskjer å vere, seier Mjelde.

I dag er ho veldig glad for at klubben heldt henne tilbake så lenge som dei gjorde.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway, training

TAKKAR CHELSEA: Maren Mjelde er glad klubben halde henne tilbake.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Torsdag kunne ho gjort comeback på landslaget mot Kosovo, men covidsmitte gjorde henne uaktuell til kampen.

Dermed startar ho neppe mot Polen tysdag kveld. Måndag trena ho alternativt, og Martin Sjögren avviser ikkje eit innhopp for landslagskapteinen.

I tilfelle får ho dei første landslagsminutta sine sidan kampen mot Wales 27. oktober 2020.

Då vil ho òg vere eitt steg nærare det store målet: EM-spel for Noreg i England.

– Det er det eg har sett for meg heile vegen. Eg klamrar meg framleis til det målet og skal gjere alt eg kan for å vere klar til det. Eg skal i alle fall gjere den jobben som skal til og det har eg gjort heile vegen. Eg trur ikkje eg har stått over ein einaste treningsdag. Eg kan kanskje telje det på ei hand kor mange dagar eg har hatt fri. Og det er fordi det er det som er målet mitt, seier Mjelde.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal