NRK Meny
Normal

Lattermild Ek Hagen: – Skal aldri sykle utanfor asfalt igjen

– Eg blei livredd for at armen var brekt, seier Martine Ek Hagen som fekk ein dramatisk start på dagen.

Martine Ek Hagen med Donald-kul

UHELDIG MEN HELDIG: Martine Ek Hagen gjekk rett på trynet på dagens sykkeltur. Landslagsløparen slapp unna med ein skikkeleg Donald-kul og slepp heldigvis å bruke meir tid i denne rullestolen.

Foto: Martine Ek Hagen/Instagram

– Plutseleg såg eg ein bue på armen då eg skulle sykle vidare. Eg blei livredd, ler Martine Ek Hagen.

Det blei ein litt rolegare dag enn det landslagsløparen hadde tenkt. For då veslebroren endeleg hadde klart å overtale ho til å bli med på ein sykkeltur utanfor asfalterte vegar, gjekk det skeis.

Syklar aldri utanfor asfalt

– Sjølv om eg har terrengsykkel syklar eg eigentleg aldri utanfor asfalten. Og det er det ein stor grunn til, humrar 24-åringen som likar klart best når underlaget er jamt og ikkje alt for bratt.

– Beina sitt jo fast i pedalane også og plutseleg etter litt feilgiring låg eg med armen under styret på bakken. Eg reiste meg opp med ein gong for å sykle vidare, men då klarte eg ikkje å halde armen på styret.

– Då stoppa broren min meg og ringte pappa med ein gong, fortel Ek Hagen, framleis flirande.

LES SAKA: Martine om utedo-sjokket: – Trodde jeg skulle dø

– Egil var fornøgd

Far kom og køyrde dottera rett til legevakta for å ta røntgen. Heldigvis slapp Ek Hagen unna med Donald-kulen som ho kallar "ein ny biceps på underarmen". Men resten av dagen blei skiløparen tvinga til å ta det med ro i sola på hytta utanfor Tvedestrand.

Martine Ek Hagen

PALLPLASS: Martine Ek Hagen tok i fjor sin fyrste pallplass i verdscupen. No trenar ho på familiehytta utanfor for Tvedestrand for å ta nye steg til vinteren.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Noko trenar Egil Kristiansen eigentleg berre var godt fornøgd med.

– Kanskje var det eit slikt uhell som måtte til for å få meg ned i solsenga. Egil synest iallfall det berre var bra, for det har blitt ganske mykje trening i det siste, seier Enebakk-jenta, som fortel at ho ligg godt over skjema med tanke på treningstimar.

– Det fungerer veldig bra om dagen og eg har trent veldig godt i det siste. Men grusvegar på sykkel skal eg halde meg unna. Det må bli konklusjonen etter i dag, ler Ek Hagen.

Siste nytt

  • Uavgjort i bunnoppgjøret

    Stabæk og Start spilte 1-1 i onsdagens bunnoppgjør i eliteserien. Dermed står begge lagene med fire poeng etter seks serierunder. Ohi Omoijuanfo ga Stabæk ledelsen etter 70 minutter, mens Aron Sigurdarson utlignet for Start.

    Eliteserien 2018. Stabæk-Start. Nadderud Stadion.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Powell ferdig i Sandefjord

    Sandefjord Fotball bekrefter i en pressemelding onsdag kveld at Magnus Powell er ferdig som trener i klubben. Powell begynte i jobben så sent som 16. januar.

    Powell
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix
  • Chamberlain langtidsskadd

    Liverpool- og England-spiller Alex Oxlade-Chamberlain er satt ut av spill i lang tid og går glipp av fotball-VM etter kneskaden han pådro seg mot Roma tirsdag, melder BBC. 24-åringen pådro seg en båndskade i kneet.

    Alex Oxlade-Chamberlain
    Foto: OLI SCARFF / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid