Hopp til innhold

Youtubar heldt ut i kritisert boksekamp

Floyd Mayweather har slutta å bokse, men ikkje slutta i underhaldningsbransjen. I nattas kamp mot youtubar Logan Paul i Miami tente han rundt ein milliard – utan at det vart kåra ein vinnar.

Floyd Mayweather v Logan Paul

IMPONERTE: Logan Paul møtte Floyd Mayweather i ringen i natt.

Foto: Cliff Hawkins / AFP

– Kvifor gidd folk å betale for å sjå tøyset? Det er vanskeleg å skjønne, sa boksekspert Anders Werner Øfsti til NRK før den mykje omtalte kampen mot youtubar Logan Paul (26).

Men den profilerte youtubaren imponerte då han møtte stjerneboksaren Floyd Mayweather (44).

Han heldt ut i åtte rundar, og trass i at han tok imot nokon tøffe slag, nekta han å gå ned for teljing.

– Eg kosa meg

Den omstridde kampen kåra ingen vinnar, noko som var planlagt på førehand. Men Paul jubla etter å ha klart seg førehandsvis bra mot ein av de største bokseprofilane sporten har å by på.

– Eg kosa meg. Man må berre finne seg i at man ikkje er 21 år lenger. Han var betre enn eg trudde, sa Mayweather etter kampen.

Paul var også fornøgd etter kampen.

– Eg vil ikkje høyre at noko er umogleg. Floyd Mayweather, det har vore ein ære, sa Paul.

Men på eit tidspunkt bua publikum på dei to boksarane. Det var fleire som påpeikte at det var mykje «klemming» undervegs.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Mayweather la hanskane på hylla i 2015, men har fortsett med oppvisningskampar i tida etter. Amerikanaren blir rekna som ein av verdas beste boksarar, og er utan tap i 50 kampar av 50 moglege.

I natt boksa han altså mot Logan Paul (26). Han er ein av verdas mest kjende youtubarar. 23,1 millionar abonnement har amerikanaren på sin kanal.

Det likar bokseeksperten dårleg.

Eit «sirkus»

Øfsti syns det er uforståeleg at folk ynska å sjå nattas kamp. Ofte har fansen sett på «MoneyMay» sine kampar i håp om at han fekk seg ein på trynet.

Anders Werner Øfsti

EKSPERT: Anders Werner Øfsti.

Foto: NRK

– Han har lenge hatt eit litt ufordrageleg «image». Det er sikkert slik no også, men den sjansen er forsvinnande liten, seier han.

Bokseeksperten meiner nattas kamp mot Paul er eit perfekt eksempel på korleis ein kan tene mykje pengar på kort tid.

– Det har ingen sportsleg verdi i det heile tatt. Det heile er ei oppvisning i korleis ein kan loppe pengar av lettlurde fans, seier han.

Øfsti rettar blikket mot dei som tek sporten seriøst.

– Med tanke på alle boksarane som legg ned utruleg med trening og krefter for å få den merksemda, så syns eg det er synd at dette sirkuset siglar inn og tek plass. Eg trur mange bokseelskarar er einige med meg i det, seier han til NRK og fortset:

– Med så mange gode boksarar som finst no, så håpar eg ikkje dette blir ein trend. Sjå heller på Canelo, Teofimo Lopez, Vasyl Lomachenko, Tyson Fury eller nokon av dei andre av dagens toppboksarar.

Boxing: Mayweather vs Paul

KLART TIL KAMP: Logan Paul gjer seg klar til kamp.

Foto: Jasen Vinlove / Reuters

Tener ein milliard

Amerikanaren har sjølv uttalt før kampen at han kjem til å tene mange millionar dollar på stuntet.

– Eg kan bokse mot ein boksar no og få rundt 35 millionar. Eller så kan eg og Paul gå ut der, underhalde og tene ni siffer. Kanskje hundre millionar eller meir, har Mayweather sagt.

Ifølge Marca har Mayweather alt tent 30 millionar dollar før kampen har starta, men det talet vil auke betrakteleg etter kampstart. Det er forventa at Paul tente rundt 20 millionar dollar.

– Då snakkar vi lettjente pengar. Galskap, seier Øfsti.

Han fryktar kva retning dette «sirkuset» vil ta. Til no har Mayweather møtt MMA-stjerna Conor McGregor, kickboksaren Tenshin Nasukawa og nå ei sosiale medium-stjerne.

– Eg tør ikkje å tenke på kva som blir det neste, avsluttar Øfsti.

Anders Werner Øfsti er tilsett som journalist i NRK, både i rolla som journalist og bokseekspert. Han er tidlegare nordisk meister i boksing.

Floyd Mayweather mot Logan Paul

KAMP: Floyd Mayweather med ansiktet mot Logan Paul.

Foto: Jim Rassol / AP

Til trass for at Logan Paul er mest kjend for sine artige videoar, er han ikkje heilt fersk i bokseverda. Han har drive med boksing tidlegare, men står berre oppført med ein profesjonell boksekamp frå før.

Den var mot YouTube-kollega Olajide Olatunji i november 2019. Den kampen tapte han.

Siste nytt

  • Det internasjonale roforbundet åpner for russisk deltakelse: – Ikke veldig overraskende

    Det internasjonale roforbundet (World Rowing) offentliggjorde onsdag at de åpner opp for at russiske og belarusiske utøvere kan konkurrere under nøytralt flagg under ulike VM (junior-VM, U23-VM og senior-VM)

    For utøverne kan få klarsignal til å delta, vil en ekstern part gjøre en grundig bakgrunnssjekk, for å forsikre seg at utøvere som er knyttet til krigen eller har støttet krigen på noe vis, ikke kan få plass. De vil også måtte gå gjennom en forsterket antidoping-prosess.

    Det er også lagt opp til at det vil gjelde et utvalg av klasser. I alle de tre verdensmesterskapene vil det åpnes for singlesculler og toer uten styrmann, som et minimum.

    – Det er ikke veldig overraskende med tanke på de signalene som har kommet tidligere. Hva IOC sier og gjør, har tradisjonelt sett en tung effekt på World Rowing. Det var egentlig forventet at de ville følge IOCs anbefalinger, sier den norske roeren Birgit Skarstein.

    – Det er forståelig at Russland vil inn nå, siden VM er en kvalifisering til OL og Paralympics. Men det er også en kvalifisering på våren, så det er ingenting som haster med å avklare det, mener hun.

    Kjetil Borch er heller ikke overrasket.

    – Det sa jeg egentlig ganske tidlig i debatten at IOC har såpass mye makt at det kan bety innskrenkninger for et internasjonalt særforbund, som Det internasjonale roforbundet, hvis man ikke etterleve IOCs retningslinjer, sier han.

    Pressetreff med roerne foran VM i Tsjekkia
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Her er City-eieren på kamp for første gang på 13 år

    Manchester City-eieren Sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan har glimret med sitt fravær i hele 13 år, men under lørdagens mesterligafinale i Istanbul er eieren omsider «ringside» under en City-kamp.

    Sjeik Mansour, som også er visestatsminister i Abu Dhabi, sitter på samme rekke som blant annet Tyrkia-president Tayyip Erdogan, statsoverhode i Abu Dhabi, Mohamed bin Zayed Al Nayhan, og City-styreleder Khaldoon al-Mubarak.

    På spørsmål fra NRK om hvorfor Sjeik Mansour sjelden er på City-kamp, svarer forsker og Midtøsten-ekspert Kristian Coates Ulrichsen:

    – Det er ikke så godt å si, men det sies at han rett og slett ikke er så interessert i fotball.

    Eierskapet til City er svært omdiskutert. Amnesty International Norge skriver på sine nettsider at «De forente arabiske emirater er blant landene i verden hvor sivilsamfunnet er mest undertrykket».

    Sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyans
    Foto: Molly Darlington / REUTERS
  • Nordås klarte VM-kravet i Paris etter superløp

    Narve Gilje Nordås har hatt en strålende sesong og i et stevne i Paris lørdag kveld klarte han VM-kravet med et strålende løp på 3.32,39.

    Før sesongen hadde Nordås en personlig rekord på 3.36,23.

    Det er en tid han har forbedret to ganger tidligere i sesongen, før han lørdag altså kom under VM-kravet på 3.34,20 med det strålende løpet på 3.32,39.

    – Et meget sterkt resultat, sier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

    Det er også to tideler under Jakob Ingebrigtsens sesongbeste på 1500 meter og dermed den beste norske tiden på 1500 meter i år.

    Nordås vant også løpet i Paris.

    Narve Gilje Nordås
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste