Hopp til innhold

Lars Lagerbäck: – Vi spela som eit handballag

Landslagssjefen er nøgd med utviklinga sidan han overtok. Med eit stort unntak for Tyskland-kampen.

VM-kvalifisering fotball menn: Tyskland - Norge (6-0)

MÅ VINNE: – Tempo og tolmod blir avgjerande mot San Marino, trur landslagssjef Lars Lagerbäck

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Landslaget skal møte San Marino borte i morgon og Nord-Irland heime søndag.

Norge er storfavoritt mot San Marino torsdag, men Lagerbäck åtvara sterkt mot å ta for lett på oppgåva.

– Tempo og tolmod blir nøkkelen, seier landslagssjefen.

Han meinte forsvaret har blitt betre i kampane han har leia sidan den første mot Nord-Irland i Belfast i mars.

– Bortsett frå mot Tyskland. Då spela vi som eit handballag, sa Lagerbäck om 0-6-kampen i Stuttgart for ein månad sidan.

Nations League: – Skulle vore ein divisjon høgare

– Det er viktig at vi vinn alle kampane, fordi det gir oss betre ranking i UEFA Nations League, sa Lars Lagerbäck på pressekonferansen dagen før VM-kvalifiseringskampen mot San Marino.

UEFA Nations League er ein nyskaping som blir sjøsett neste haust. Men allereie i neste veke, etter dei avsluttande VM-kvalifiseringskampane, blir divisjon og seedingsnivå avgjort.

– Det er ei ulempe å hamne i ei altfor lett gruppe. Vi skulle vore ein divisjon høgare for å få betre matching, sa Lagerbäck.

Nations League er eit ligasystem for alle UEFAs 55 medlemsland. Ligaen er delt i fire divisjonar, kvar divisjon med tre eller fire seedingsnivå.

Færre privatkampar

Det er allereie klart at Norge vil spele på nivå 3 i den første utgåva av Nations League. Men resultata mot San Marino og Nord-Irland avgjer kva seedingsnivå innanfor den divisjonen Norge hamnar på.

Uansett vil den nye ligaen avgrense sjansane for å spele privatlandskampar frå neste haust. Derfor har Lars Lagerbäck eit litt splitta syn på National League.

– Sportsleg er det alltid godt med konkurransekampar. Men vi skulle gjerne hatt kampar mot litt betre motstand enn på tredje nivå i Europa.

Kampane mot San Marino og Nord-Irland er så langt dei siste på NFFs kalender i år. Men Lagerbäck opplyste at dei jobbar med å få på plass motstandarar til to kampar på dei internasjonale datoane rundt andre helga i november.

– Vi jobbar med ulike motstandarar, men det er enno uvisst kven som skal ut i playoff i VM-kvalifiseringa dei dagane. Det blir meir avklart i neste veke, sa landslagssjefen.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal