Torsdag blei det klart at det er dei to London-naboane som skal møtest i årets finale. Dei har baner som ligg 12 kilometer frå kvarandre, og som brukar berre nokre minutt når dei møtest til lokaloppgjer.
Frå London til Baku er det 3971 kilometer – nesten 400 mil. Og reisa er i tillegg krøkkete både med fly og tog.
Eitt direktefly i veka
BBC har sjekka, og funne ut at det går direktefly mellom London og Baku berre ein gong i veka. Det betyr at dei som skal ta fly til kampen, må reise til Baku laurdag for å få med seg kampen onsdag, og så vente til laurdag igjen for å kome seg heim.
Det kan bli mykje Baku-sightseeing av slikt.
Flyturen kan gjerast vesentleg kortare enn det. Men det inneber lang venting enten i Istanbul eller Kiev. Med maksimal flaks kan flyturen gjerast unna på sju timar, men dei fleste alternativa gir reisetid på godt over 10 timar kvar veg.
I tillegg tek kampen til klokka 23, lokal tid. Sjølv med avgjerd etter ordinær speletid, blir kampen derfor ikkje ferdig før nærmare klokka eitt om natta. Det krev overnatting uansett.
Fire døgn med tog
Men fly er så dyrt at dei fleste som har billett, nok må finne andre alternativ. For eksempel tog.
Det tek over fire døgn frå London til Baku. Toget skal gjennom sju land. Berre strekninga frå Kharkiv i Ukraina til Baku åleine tek to døgn og 11 togskifte.
Den som er dristig nok til å ta bilen, må rekne med ei minimums effektiv køyretid på 58 timar – nesten to og eit halvt døgn. Plussar ein på tida som trengst for å ete og sove, i tillegg til å bli hefta ved ei rekke grensekryssingar, bør nok turen helst starte laurdag for å rekke onsdagskampen.
Og då gjenstår heimreisa. Den kan bli tung, iallfall for supporterane av det tapande laget.
Så spørst det kor mange som kjem til å ta den lange turen. Finalelaga Arsenal og Chelsea har 6000 billettar kvar til finalen.
47 år sidan sist
Det er berre andre gongen i historia at to engelske lag møtest i finalen i denne turneringa, og det er lenge sidan.
Tottenham slo Wolverhampton i finalen i 1972, over to kampar den gongen. Tottenham vann 2–1 og spela 1–1 borte. Med vesentleg kortare reisetid.
I meisterligaen er det også heilengelsk for andre gong. Manchester United slo Chelsea på straffer i 2008, og kampen gjekk i Moskva.
I august blir det for første gong heilengelsk finale i supercupen, der meisterliga-vinnaren skal møte europaliga-vinnaren. Den kampen går i Istanbul 14. august.