– Det var som å signere (Lionel) Messi. No er vi klare for vinteren, seier ein strålande fornøgd teamsjef for langløpslaget Team BN Bank, Sigurd Granmark til NRK.
Petter Eliassen vann sitt siste Ski-Classics-renn i finske Ylläs-Levi i april 2017. Så la han opp.
Utan fast jobb
Den fysioterapiutdanna trønderen ville fullføre turnustenesta i Alta kommune og på sjukehuset i Hammerfest. I tillegg såg han fram til eit vanleg familieliv med sambuar og tre born.
Men då 32-åringen stod utan fast jobb til hausten slo han til då Team BN Bank var kjapt frampå og brukte høvet til å legge ei ny kontrakt på bordet.
Dermed er han tilbake i langløpssirkuset som fulltids toppidrettsutøvar med base i Alta.
– Jobbutsiktene til hausten var usikre. Eg hadde ingen fast jobb å gå til. Då tenkte eg at eg like godt kunne satse på ski i mellomtida, ler Petter Eliassen, som har signert for den kommande sesongen.
No blir han lagkamerat med Øystein «Pølsa» Pettersen, Simen Østensen og Morten Eide Pedersen i Team BN Bank. Løparar Eliassen kjenner godt frå før.
– Antiklimaks
Han herja i langløpssporet, og vann nesten alt som var å vinne gjennom fleire år.
32-åringen vann langløpscupen samanlagt både i 2015 og 2016. I 2017 blei han nummer to då han var kaptein for det nedlagde laget til Thomas Alsgaard, Team LeasePlan Go.
Men så sa han stopp.
– Eg ramla fort ut av det etter at eg la opp. Fjoråret blei eit lite antiklimaks. Eg var ikkje veldig motivert for å trene. Men eg gjekk nokre lokale renn i vinter.
– Frå mai-juni har eg starta gradvis og forsiktig opp igjen, seier Eliassen som likevel ikkje har sakna toppidrettslivet.
– Det har vore godt med ein vanleg jobb, og å gjere noko anna. Det er ikkje alltid det kjennest meiningsfullt å vere skiløpar, seier han.
Debuterer i Aure
Men no er målsetjinga klar:
– Målet er å kome tilbake på same nivået. Laget har også lyst til å hevde seg i langløpscupen. Men eg prøvar å ikkje tenkje så mykje på resultat når eg har vore borte så lenge, seier Eliassen.
Tysdag i neste veke har han sin siste arbeidsdag som fysioterapeut i Alta kommune. Då er den obligatoriske turnustenesta gjennomført. To dagar seinare er han på plass under Toppidrettsveka på Aure.
– Det blir første dagen i Petter Eliassens andre epoke som toppidrettsutøvar. Det er perfekt for oss. Han kjem til å supplere dei løparane vi har på ein optimal måte. Eg meiner vi kjem med verdas sterkaste herrelag til vinteren, seier teamsjef Sigurd Granmark.