– Når eg var i bra nok form følte eg meg bra nok for det norske laget også. Da såg ikkje noko spesiell vits med å bytte landslag, men nå er alderen riktig.
Snorri Einarsson har akkurat blitt presentert som ein av ni løparar på Anders Auklands langløpslag Team Santander. Men 30-åringen frå Alta, som blant anna har gått Tour de Ski to gonger, har ein større nyheit å dele.
Vurderte bytte før Vancouver-OL
– Det er mykje fristar og papirarbeid, så det ser ut som det blir Noreg i år. Men frå neste år og mot OL i 2018 har eg bestemt meg for å gå for Island, seier Einarsson.
Han fortel at det var veldig aktuelt med nasjonsbytte også før Vancouver-OL i 2010. Da var tromsøværingen med norsk mor og islandsk far 24 år og hadde enda ikkje debutert i verdscupen. Da meinte han det ville vere defensivt å skifte til eit landslag der han var garantert plass i meisterskap.
– Eg følte at det ikkje var ambisiøst nok å bytte til Island for å sikre seg ein plass i meisterskap. Om eg skulle gått for Island, ville eg ikkje reist til meisterskap for turen sin skuld, men for å prestere.
Var nær å legge opp
Det siste året har han satsa langløp etter å ha blitt henta til Team Santander før førre sesong. Alt hadde sett annleis ut om Einarsson ikkje hadde fått plassen på laget.
– Før eg fekk plass på laget var eg veldig nær ved å legge opp. Nå er eg veldig glad for at eg ikkje gjorde det. Eg har fått mykje av motivasjonen og driven tilbake og er verkeleg gira på å satse langløp samtidig som eg satsar mot OL.
Magnar Dalen, sportssjef i Team Santander og tidlegare finsk landslagstrenar, meiner Einarsson har ein god sjanse til å hevde seg i OL i Sør-Korea om to år.
– Medaljehåp er kanskje ikkje realistisk, men han har ein fair sjanse til å vere topp 20. Løypene i Pyoengchang ryktast å vere lette og det passar ein type som Snorri som stakar mykje bra, seier Dalen.
Til nå er ein 18. plass frå verdscupen og sølvmedalje frå NM det beste 30-åringen har oppnådd. Einarsson legg ikkje skjul på at han satsar høgt i islandsk landslagsdress.
– Viss eg skal representere Island vil eg gjere det på ein ordentleg måte. Eg må vere i min beste form og reiser ikkje til OL for å bli sist.
– Kan du slå dei norske?
– Ja, eg kjem til å slå nokon norske, det skal eg, smiler han.