Målingar i Tyskland viser at renn som blir arrangert måndag-torsdag, samler berre halvparten av sjåartalet for renn som går i helgene.
- Den tyske marknaden er stort og viktig. Vi må ta konsekvensen av desse tala for å ikkje tape for andre idrettar, seier langrennssjef Jürg Capol i det internasjonale skiforbundet til NRK.
Han vil også redusere talet på renn i verdscupen. I vinter er det totalt 68 renn for menn og kvinner.
- Eg er redd folk lett går lei når det blir så mange konkurransar, og det svekkjer langrennssporten, seier Capol.
På grunn av kontrakter kan ikkje desse endringane innførast før etter neste sesong.