Sørli meiner han kan bryte «umogeleg» barriere

Daniel Sørli (27) meiner han kan skyte fullt hus på Landsskyttarstemnet i år. Han blir i så fall den første som greier det.

Daniel Sørli

TRUR PÅ 350: Daniel Sørli har skote fullt hus fire gonger hittil i år, og trur han skal kunne bli den første som gjer det på eit landsskyttarstemne

Foto: Ivar Løvland / NTB scanpix

– Ja, eg trur eg skal klare det i år. Eg har blitt mykje sterkare mentalt enn nokon gong før, seier Daniel Sørli til NRK.

350 poeng er den maksimale poengsummen ein skyttar kan oppnå på eit Landsskyttarstemne. Det har enno ingen klart.

Men på andre stemne med same program har det skjedd ikkje mindre enn 72 gongar – 13 av dei hittil denne sesongen. Det er over 19 år sidan den første, i mai 1999.

15. mai 1999 sette Frode Kristensen for første gong alle skota i blinken på eit ope stemne på Voss.

Kvifor har ingen enno greidd det i den viktigaste konkurransen, nesten to tiår etterpå?

– Det er nok på grunn av alt oppstyret som er rundt skyttarane, seier Daniel Sørli, skyttarkonge i 2016 og skyttarprins i fjor.

Han har skote 350 poeng fire gonger i år.

Stressa av TV?

NRK-kommentator Ola Lunde sa for tre år sidan at han trudde tv-dekninga kunne vere ein av grunnane.

– Landsskyttarstemnet er einaste gongen i året skyttarane har kamera heilt opp i ansiktet, og det er med på å auke presset, sa Lunde.

Sørli er ikkje heilt samd.

– Eg trur dei beste skyttarane no er så mentalt gode at tv-kamera ikkje lenger spelar så stor rolle. Det betyr meir at det er mykje folk rundt deg inne på standplass, og at det er større baner med opptil 50 skyttarar samstundes. Då blir det vanskelegare å levere ein perfekt konkurranse, meiner Sørli.

350 poeng 12 gonger

Han er uansett sikker på at vinnarresultatet også på Landsskyttarstemnet kjem til å bli 350 snart.

Skytterkonge 2013 - Kim André Aannestad Lund

FLEST FULLE HUS: Kim André Aannestad Lund har skote 350 poeng fleire gonger enn nokon annan

Foto: Nils Olav Mevatne / NTB scanpix

– Det er fleire som kan klare det. Ikkje minst han som har skote 350 oftare enn nokon annan, seier Sørli.

Han siktar til Kim André Aannestad Lund, som har skote 350 poeng ikkje mindre enn 12 gonger i karrieren – dobbelt så mange som nokon annan.

Men Lund sjølv er ikkje like optimistisk på eigne vegne.

– Eg har skote 22 konkurransar i år, og berre skote 350 på ein av dei, seier skyttarkongen frå 2013 og bror til skyttardronninga frå i fjor.

Han trur også at det mentale presset er årsaka til at det enno er ingen som har fått det perfekte resultatet på eit landsskyttarstemne.

– Alle skyttarar har Landsskyttarstemnet som sitt høgdepunkt. Og når ein går og snakkar om det heile tida, kjennest den konkurransen større enn han treng å vere, seier Lund. – Derfor blir også spenningsnivået mykje større. Då blir det fort litt høgare puls enn vanleg.

– Tiaren er så stor at om du har den rette dagen, er det absolutt mogeleg å få alle skota inn i blinken.

– Det kjem til å skje på Landsskyttarstemnet også. Men om det blir i år eller om ti år, er vanskeleg å seie. Nivået på skyttarane no er høgare enn nokon gong.

Ønskjer ikkje mindre skiver

I internasjonale konkurransar blir det brukt mindre skiver. Men Daniel Sørli meiner likevel ikkje at ein bør vurdere det sjølv om stadig fleire skyt berre blinkar. Det vil vere eit feilgrep, meiner han.

– Det vil bety større avstand i poeng mellom topp og breidde. Der avstanden i dag kan vere 10–15 poeng, kan den fort bli 50 med mindre skiver. Då kan motivasjonen for skyttarar litt bak toppen bli øydelagd, og skyting som breiddeidrett bli borte, fryktar Sørli.

Han viser til erfaringane frå Sverige, der dei gjorde det grepet for nokre år sidan.

– I det svenske meisterskapen no er det berre rundt 100 deltakarar. Tidlegare kunne det vere 5–6000. Å innføre mindre skiver er det dummaste ein kan gjere. Det er betre med den vi har – vi skil trass alt ganske godt på innertiarar, seier Sørli.

Full oversikt over skyttarar med 350 poeng (Kjelde: Norsk Skyttertidende):

350-klubben (Kilde: Norsk Skyttertidende)

Namn

Lag

Gonger

År

Kim-Andre Aannestad Lund

Jondalen

14

2009, 2010, 2011, 2014 (5), 2015, 2016 (2), 2018, 2019

Daniel Sørli

Høland/Bjørkelangen

7

2016, 2017, 2018 (5), 2019

Ola Tore Dokken

Nordre Land

5

2000, 2003 (2), 2007, 2015

Hans Kristian Wear

Styrvoll

5

2013, 2015, 2017, 2018 (2)

Ole Kristian Bryhn

Røyken og Hurum

5

2011, 2012, 2017 (2), 2018

Anette Thingbø Sundnes

Time

5

2016, 2017 (3)

Vebjørn Berg

Blaker

3

2005, 2009, 2010

Simon Kolstad Claussen

Høland/Bjørkelangen

3

2013, 2015, 2019

Knut Einar Bråthen

Kongsberg

2

2003, 2011

Tor Erik Fossli

Målselv

2

2003, 2007

Tor Gaute Jøingsli

Lom og Skjåk

2

2011, 2013

Tor Harald Lund

Søgne

2

2015 (2)

Roger Ottosen

Vestre Toten

2

2006, 2015

Peter Sørli

Søgne

2

2017, 2018

Edvin Aamot

Orkla

2

2018 (2)

Vegard Solhaug

Aurland

2

2018, 2019

Ole Magnus Bakken

Løiten

2

2019 (2)

Frode Kristensen

Åsane og Hordvik

1

1999 (førstemann)

Knut Haug

Tolga

1

2005

Hans Erik Ness

Nordli

1

2005

John Olav Ågotnes

Sartor

1

2009

Liv Sollesnes

Jondal

1

2009

Odd Arne Brekne

Lyngdal

1

2013

Simen Rundberget

Ski

1

2014

Nils Thomas Valand

Oslo Østre

1

2014

Fredrik Orerød

Froland

1

2015

Tor Arnfinn Homme

Kristiansand & Omegn

1

2016

Jan Kåre Moland

Drangedal

1

2016

Hans Bakken

Nordre Skauge

1

2017

Håkon Sørli

Høland/Bjørkelangen

1

2017

Einar Johansen

Time

1

2017

Kim Johan Vemmelvik

Kristiansand & Omegn

1

2018

Kristin Dyhrendahl

Rissa

1

2018

Runar Tveito

Lunde

1

2019

Sander Hustad Engevik

Stord

1

2019

Halvor Thrane Svendsen

Rælingen

1

2019

Siste nytt

  • Ny remis for Carlsen

    Magnus Carlsen spilte remis for andre dag på rad da han møtte kinesiske Wang Hao på den åttende dagen av turneringen på Isle of Man fredag.

    Nordmannen spilte med svarte brikker mot kineseren, men etter 31 trekk ble spillerne enige om remis. Dette var andre dag på rad Carlsen spiller remis. Torsdag gjorde 28-åringen det samme mot Kirill Aleksejenko. Før det hadde han to strake seire på Isle of Man.

    Med resultatet har Carlsen 5,5 poeng av 8 mulige, det samme som motstander Hao. Med det er nordmannen et halvt poeng bak ledertrioen Fabiano Caruana, Levon Aronian og David Guijarro. De to førstnevnte møttes og spilte remis fredag.

    Det gjenstår tre runder av turneringen.

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • Tre slag over par i Frankrike

    Kristoffer Reitan fikk det ikke helt til å stemme på den andre dagen av Open de France i golf i Paris. Han klarte likevel cuten med god margin.

    Reitan startet turneringen med å gå tre slag under par torsdag.

    Fredag ble det tre slag over par, noe som førte til at han falt 18 plasser på resultatlisten. Nordmannens par etter to dager holder til en 31.-plass.

    U.S. Open - Round One
    Foto: Andrew Redington / AFP
  • Bulgarias landslagssjef går av

    Krasimir Balakov går av som landslagssjef for Bulgaria, skriver Sky Sports. Både han og forbundet har vært i hardt vær etter rasismeskandalen under kampen mot England. Sky Sports mener å vite at det er flere som går av i solidaritet med Balakov.

    krasmir balakov
    Foto: TONY O'BRIEN

Sendeplan

Kl. Program Kanal