– Eg er ein ganske ekstrem person og ein nordlending som hyler og skrik ganske høgt. Kanskje eg kan bli litt meir «politisk korrekt» i utspela mine, seier Fritz Aanes til NRK.
Aanes er kjent for sin beinharde disiplin og nådelause tilbakemeldingar til utøvarane. Difor var 39-åringen sitt temperament oppe til debatt før Aanes skreiv ny kontrakt.
– Det har vore oppe til diskusjon ja. Men vil føler oss trygge på at vi skal få til dette på ein bra måte saman, seier generalsekretær i Noregs bryteforbund, Morten Sandnæs.
– Ganske ekstrem
No skal Aanes dempe ordbruken når det kokar som mest.
– Eg kan seie ting på ein litt annan måte.
– Kan du bli for hissig og slem?
– Ja, til tider vil eg nok bli opplevd sånn av enkelte personar. Men utøvarane kjenner meg veldig godt, og veit at eg stiller opp for dei 24 timar i døgeret.
– Dei har levert resultat under meg tidlegare, og dei har ganske stor tiltru til meg. Så ja, eg er hard, men dei veit innerst inne at det er det som skal til, seier Aanes til NRK
– Har det blitt stilt krav frå forbundet si side om at du må endre på personlegdomen din?
– Nei, ikkje direkte krav. Men det har vore ein samtale rundt det. Det går ut på at eg er ganske ekstrem i visse situasjonar og måten eg snakkar om ting på, seier Aanes frå Narvik i Nordland.
– Likar tyn
– Eg er som sagt nordlending og då har du ei dialekt og brukar ord som kanskje høyrest verre ut enn det eigentlig er.
Noregs beste brytar dei siste åra, Stig-André Berge er glad for å ha Aanes tilbake sjølv om trenaren kan vere nådelaus mot utøvarane.
– Både eg og Felix (Baldauf) likar at han kallar oss «kjerring » og seier at vi må kome oss heim fordi bestemora vår er betre til å bryte enn det vi er. Det tenner oss litt, men det er ikkje alle som tåler den tilbakemeldinga, seier Stig Andre Berge.
Aanes vedgår at hans tøffe tone kan føre til konfrontasjon.
– Det blir jo ein del konflikter, eg er ein veldig ekstrem person. Men eg prøvar berre å få utøvarane til å følgje min veg fordi eg veit det fungerer, seier Fritz Aanes.