Det såg lenge ut til at Marius Lindvik skulle ta seg inn på ein topp to-plassering etter første omgang i nyttårshopprennet, men så sette Markus Eisenbichler utfor hoppkanten.
Tyskaren leverte eit hopp på 141 meter og fekk 18,5 poeng i stilkarakter, til trass for at han nesten ramla på sletta.
Det reagerer landslagssjef Clas Brede Bråthen kraftig på.
– Det er etter min meining ein liten katastrofe, seier Bråthen til NRK.
Sjølv er tyskaren glad for poengsummen.
– Eg blei veldig glad då dommarane gav meg for mykje poeng, seier Eisenbichler til NRK.
Slaktar dømminga
Bråthen tykkjer det rett og slett er hårreisande at Eisenbichler fekk ein så god stilkarakter.
– Eg reagerer kraftig på stildømminga. Det er totalt øydeleggande for stildelen av skihoppinga når ein klarer å dømme Eisenbichler til 18,5, seier han.
Han tykkjer det er for store skilnadar i korleis ein dømmer kvart enkelt hopp.
– Det er nesten fall. Vi såg Lindvik hadde litt av dei same problema i Oberstdorf. Han fekk 15,5. Det er for meg heilt uforståeleg viss det ikkje blir rydda opp i det der, etter det eg har sett no.
Landslagstrenar Aleksander Stöckl stussar over at tyskaren fekk ein så høg poengsum.
– Eg tykkjer det er rart at han får 18,5, då han nesten datt etter å ha forsøkt eit nedslag. Han fekk for mykje poeng, rett og slett, seier Stöckl til NRK.
Takkar dommarane
Sjølv vil ikkje Marius Lindvik kommentere om han føler seg snytt i kampen om pallplass, men han er klar i ein ting:
– Eg fekk 49 og landa penare enn han, seier Lindvik til NRK.
Eisenbichler meiner hoppet stod seg til 17 i stil, men takkar for poenga.
– Eg tykkjer at 17,5 kan forsvarast, men det er vel eigentleg eit 17-hopp, seier han og held fram:
– Men nokre gonger er det vanskeleg. Det er som fotball, det går så fort. Dei såg kanskje ikkje kor djup eg var. Nokre gonger har du litt flaks.
– Så til og med du meiner at du fekk for gode stilpoeng?
– Ja, sjølvsagt. Tusen takk, dommarar, seier tyskaren spøkefullt og vinkar til dommartårnet.
Krev endringar
No ynskjer landslagssjef Bråthen at noko skal gjerast.
– Eg skulle ønske nokon kunne komme med eit godt svar dei gongene eg tar opp denne type problemstilling. Dette er øydeleggande. Det blir som å dømme mål i ein fotballkamp når nokon skyt utanfor. Det blir heilt håplaust.
– Kan ein protestere på dette?
– Vi har prøvd å ta det opp gang på gang, ryddig og ordentleg, og prøvd å få til noko. Vi har høyrt at dei skal innføre VAR. Det kan dei umogleg ha gjort. Dei skjermane må i alle fall ha vore svarte, avsluttar Bråthen.
Kjem med VAR-oppklaring
Renndirektør Sandro Pertile seier det er lite han kan gjere, og kjem samstundes med ein oppklaring om VAR.
– Det er ikkje noko eg kan gjere. Det er ein del av spelet at det er subjektive vurderingar. Vi har alltid moglegheita til å evaluere rennet og sjå om det er nokre avvik og det er noko vi vanlegvis gjer, seier Pertile til NRK.
Dersom dei finn avvik i dømminga, kan det få konsekvensar.
– Viss det var eit veldig alvorleg avvik, har vi eit system som gjer at vi kan jobbe med nomineringa av dommarane. Viss det viser seg at det er ein klar nasjonalistisk dømming, kan dommarane vere ferdig for sesongen, seier han vidare.
– Eisenbichler seier sjølv at han fekk for gode karakterar. Burde ikkje VAR kunne luke vekk dette?
– Dette med VAR i hopp er ein stor misforståing. Det vi sa, var at vi jobbar med å få ein ekstra skjerm inn i dommarrommet, slik at dei kan få vurdert landingane, seier han.
Japansk siger
Japanske Ryoyu Kobayashi gjekk inn i finaleomgangen i leiinga med sitt hopp på 143 meter, eit hopp som var nære bakkerekord i den tyske bakken.
Eisenbichler klinte til i andre omgang, med eit hopp på 143,5 meter.
Det var stor spenning om Kobayashi kunne hamle opp med det, men det haldt akkurat. Dermed har den japanske hopparen teke sin andre siger på rad og er godt på veg mot samandrag-sigeren.