53 pallplassar i verdscup og meisterskap for senior. 23 av desse på toppen av pallen. Noko liknande har aldri skjedd før
– Ikkje eingong 1994 kan måle seg med dette, seier Skarli. Det var året med tre OL-gull og VM-tittel til Johann Olav Koss, seier avtroppande landslagssjef Sondre Skarli.
Skøytelandslaget evaluerte tysdag det Skarli meiner er den beste norske skøytesesongen i historia.
– Det er noko som heiter «no risk, no reward». Vi våga å prøve, og det har vi fått betalt for i år, seier Skarli.
– Det vi lærte i fjor, var heilt avgjerande
– Vi brukte sesongen i fjor til å teste grenser. Det vi lærte av det, er hovudårsaka til at vi har gjort det så godt i vinter, fortsett han..
– Sjølv lærte eg mykje på den harde måten både i 2016 og 2017. Men det var heilt avgjerande for suksessen i år, supplerer Sverre Lunde Pedersen.
– Vi har droppa nokre harde økter og trena meir på is. Det trur eg har vore avgjerande, seier Skarli.
– Det har gitt oss meir overskot, friskare bein, høgare fart og betre teknikk, legg han til.
Frå meir enn 1100 timar med trening blei mengda for allrounderane redusert til rundt 1000 timar, ned om lag ti prosent.
– Det er heilt vanleg å tenke OL-syklusar, der OL er hovudmålet i fire år, seier Skarli.
Og for ein sesong:
- Håvard Holmefjord Lorentzen vann verdscupen samanlagt på 500 meter, der han også tok OL-gull. På 1000 meter blei det OL-sølv og andreplass i v-cupen, fire hundredelar unna siger. Og ikkje minst – han blei sprint-verdsmeister.
- Lorentzen greidde også å vinne den store verdscupen samanlagt for alle distansane. Det har ingen nordmann greidd før. Sverre Lunde Pedersen blei nummer tre.
- Lagtempolaget gjekk også til topps i verdscupen, etter også å ha sikra gullet i OL.
- Totalt ni løpssigrar i verdscupen
- Allan Dahl Johansson med gull samanlagt i junior-VM, og med v-rekordar for junior på 1500 og 3000 meter.
Norge–Nederland 3–2
Målt i verdscupsigrar blir det dermed 3–2 over stormakta Nederland.
– Kva endringar blir det når Bjarne Rykkje tek over trenaransvaret?
– Det veit eg ikkje. Han er ein dyktig trenar og har sin måte å gjere det på. Det blir nok endringar, men eg håpar han tek med seg noko frå det vi har oppnådd også. Det vil han nok, så eg er trygg på at dette er ei bra løysing, seier Skarli.
Rykkje har i åtte år trena profflaget LottoNL-Jumbo, som er det beste i Nederland.
– Eg kjem til å jobbe på same måte som vi har gjort i laget, seier Rykkje til NRK.
Nederlendaren tek til i jobben 1. mai, og Skarli vil vere tilgjengeleg for sin etterkomar ei tid framover. Sjølv skal han jobbe med uthald i Olympiatoppen.
Rykkje skal jobbe saman med blant andre sprinttrenar Jeremy Wotherspoon, kanadiaren som får mykje av ære for suksessen til Håvard Holmefjord Lorentzen.
– Eg kjenner til Bjarne, og veit litt om kva han står for og om hans treningsfilosofi. Men hans dag til dag-opplegg veit eg ingenting om. Det blir spennande å møte ham, seier Wotherspoon.