Hopp til innhold

Landslagsprofilar langar ut mot EM-plan: – Flaut og respektlaust

Islandske fotballspelarar er skaka etter at gruppeoppsettet i EM blei tildela. To av tre innleiande kampar er lagt til ein stadion som rommar 7000 tilskodarar.

Ingibjörg Sigurdardottir, Academy Stadium at the Etihad Campus og Sara Björk Gunnarsdottir

HUDFLETTAR PLANEN: Ingibjörg Sigurdardóttir og Sara Björk Gunnarsdóttir sperra opp auga då dei såg EM-oppsettet.

Foto: Marius Simensen/Nigel French/Carl Sandin / Pa Photos/Bildbyrån

– Det er skikkeleg trist. Eg veit at det er mange som ville komme, men som no ikkje får moglegheita til det, og som lever i uvisse om kva som skjer. Det er eg aller mest trist og skuffa over, seier Ingibjörg Sigurdardóttir, som til dagleg spelar på Vålerenga, til NRK.

Orda kjem etter at landslagskollega Sara Björk Gunnarsdóttir langa ut mot stadion-oppsettet i podkasten «Their Pitch».

– Det er flaut og respektlaust, og sjokkerande at vi skal spele på så små arenaer i eit land som har så mange stadion, seier ho mellom anna.

Uefa har blitt møtt med kritikken, og svarer dette:

– Vi trur at med dei to største arenaene i England (Old Trafford og Wembley), fire arenaer med ein kapasitet på 30.000 eller meir, to med meir enn 10.000 og to arenaer under 10.000, har den rette miksen av stadion blitt valt for å oppfylle turneringa sitt potensial, skriv presseansvarleg i Uefa i ein e-post til NRK og held fram:

– Vi er sikre på at mange kampar vil bli utselde og ser fram til å doble talet på tilskodarar frå EM i 2017 i Nederland og levere historias beste EM for kvinner.

Les heile svaret lenger nede i saka.

Ikkje tatt på alvor

I gruppespelet skal Island spele to av sine tre kampar på Manchester City Academy Stadium, som rommar 7000 personar. Ein stadion med så låg kapasitet har ikkje blitt brukt i EM for kvinner sidan 1997.

To av kampane er allereie utselde. Den tredje kampen til Island er lagt til New York Stadium i Rotherham. Den rommar 12.000 tilskodarar.

Football, NM, Sandviken - Vålerenga

FRUSTRERT: Ingibjörg Sigurdardóttir.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Sigurdardottir kunne ikkje tru det då ho først fekk høyre om tildelinga.

– Eg kunne verkeleg ikkje forstå det. Eg hadde først fått vite om opningskampen på Old Trafford, og såg føre meg at dette kom til å bli skikkeleg bra. Så kom dette. Det er flaut, for å vere ærleg.

Ho ristar på hovudet.

– Det gir ikkje meining. Du kan ikkje gjere anna enn å føle deg lite respektert. Det kjennest berre ikkje rett å seie at eg skal spele på ein stadion til eit akademi, i det som skal vere det største europeiske meisterskapet for kvinner nokosinne, seier VIF-spelaren vidare.

Uefa motseier kritikken.

– Manchester City Academy er ikkje ei treningsbane. Det er den offisielle heimebana til Manchester City kvinner. Den har tidlegare blitt brukt i Uefa Champions League-kampar, og vil skape ein flott atmosfære som er verdig eit EM for kvinner, skriv Uefa.

Manchester United Academy stadium

LITEN STADION: Slik ser Manchester United Academy Stadium ut.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Forstår ikkje valet

Dette har vore den store snakkisen på det islandske landslaget den siste tida. Få spelarar forstår kvifor kampane har blitt lagt til små stadion i landet der fotballen blei til.

Gunnarsdóttir forstår ikkje anna enn at arrangørane ikkje var førebudd på at det skulle bli interesse for fotball-EM for kvinner.

Football, UEFA Women's Euro Qualifier, Sweden - Iceland

RYSTA: Sara Björk Gunnarsdóttir, som til dagleg spelar i Lyon saman med Ada Hegerberg.

Foto: DANIEL STILLER / BILDBYRÅN

– Ser dei på kvinnefotball i det heile teke? Viss dei gjorde det, ville dei brukt sunn fornuft. Det er rett og slett idiotisk å snakke om, for det gir ikkje meining. Det er frustrerande. Mest sannsynleg ville det komme 20.000 menneske frå Island for å sjå kampen. No slit folk med å få tak i billettar. Det blei selt ut med ein gong, seier Gunnarsdottir vidare.

No håpar begge at det kjem endringar i programmet.

– Det bør ikkje ein gong vere eit spørsmål. Eg veit dei treng press på seg for å snu, men presset er der allereie, for billettane blei så fort selt ut. Eg veit det er mange heime på Island som vil komme. Eg håpar verkeleg dei endrar dette, seier Sigurdardóttir.

Les også Går hardt ut mot den «nye» Toppserien: – Føles som man er i barnefotballen

Karina Sævik

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters
  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal