Hopp til innhold

Landslagsprofil kritisk etter at lag smuldra opp: – Eg blir sjokkert og trist

Utanlandsproff Ingrid Moe Wold reagerer kraftig på at fleire av jentelaga i Kjelsås fotball har gått i grus. Styreleiaren beklagar.

Ingrid Moe Wold

SKREMT: Ingrid Moe Wold. Her frå landslagssamlinga i oktober.

Foto: Jil Yngland / NTB

– Vi er ikkje stolte av det som har skjedd. Vi har prøvd å ta nokre grep, men vi må berre konstatere at vi ikkje har lykkast, seier styreleiar i Kjelsås fotballklubb, Jo Bergsvand, til NRK og beklagar på vegner av klubben.

Den tidlegare sportsdirektøren i Norsk Toppfotball fortel om ein klubb som har mislykkast i å følge opp jentene i ungdomsalder, og no har fleire lag smuldra opp.

Det syns Ingrid Moe Wold er forferdeleg å høyre. Wold spelar for Everton og er fast inventar på landslaget.

Eg blir sjokkert og trist over at dette skjer i 2020. Eg føler det er meir fokus på at jenter og gutar skal ha like moglegheiter. Så skjer det der. Det er ganske urovekkande, seier Moe Wold til NRK.

Saka blei først omtala i Nordre Aker Budstikke.

Tar sjølvkritikk

I år har 05 og 06-årgangane i Kjelsås stått utan lag. I tillegg har 4. divisjonslaget som blei stifta i fjor, gått fullstendig i vasken som følge av koronapandemien.

– Dei aller beste har søka nye utfordringar og dei nest beste har følt seg svikta fordi det sosiale svinn hen. A-laget er øydelagt av pandemien, fordi det ikkje var så mange der og vi måtte rekruttere. Men det er jo umogleg å rekruttere til nokon som aldri får ein avgjersle om dei får spele eller ikkje. Dermed så smuldrar det opp, seier Bergsvand.

Niels Røine og Jo Bergsvand

TAR ANSVAR: Jo Bergsvand. Her frå Ullevaal stadion i 2017 i rolla som sportsdirektør i Norsk Toppfotball.

Foto: NTF

Bergsvand peiker på at hovudårsaka har vore ei mangelvare i kompetente trenarar for jentene nedover i systemet.

– Det er der vi har svikta mest, vårt fokus på gode, kompetente trenarar i alle årgangar. Og å evaluere frå år til år og sjå på kva som skjer. Vi har vore for dårleg til å passe på at dei yngre årgangane har hatt nok jenter inn i ungdomsfotballen. Det ynskjer vi å gjere noko med, seier Bergsvand.

Ingrid Moe Wold meiner dette er eit perfekt eksempel på at utviklinga ikkje er kommen langt nok.

– Det er vel ein grunn til at det ikkje skjer med dei same årskulla hjå gutane. Det er mykje snakk, men ein anna ting er om det blir gjort. Og ting tar tid – om det i det heile tatt blir gjort noko. Det har eg følt heile mi karriere, seier ho.

Ingrid Moe Wold

PRESTERER: Moe Wold i aksjon mot Manchester City i FA-cupfinalen på Wembley stadion. City vann 3–1.

Foto: ADAM DAVY / Reuters

Snakke opp produktet

Til trass for at Bergsvand no ynskjer å tilsette fleire trenarar med god kompetanse, er det ikkje så lett.

– Det er vanskeleg å få tak i gode trenarar på jentesida. Det er, og har vore meir attraktivt å trene gutane. Det går ut over aktiviteten, dessverre. Det tek vi sjølvkritikk på og no gjer vi det vi kan for å rette på det, seier Bergsvand.

Wold meiner det viser eit haldningsproblem som sit i veggane når ein tenkjer at det er mindre gjævt å trene jentene.

No ynskjer Bergsvand at klubbane må snakke opp korleis det er å vere jentetrenar, og vere innstilt på å legge inn litt ekstra pengar i potten for å vere attraktiv. Det meiner han vil sikre rekrutteringa og gi eit ordentleg løft.

Wold meiner at opplegget bør vere heilt likestilt.

– Det bør vere heilt likt som på gutesida. Eg skjønar ikkje at det skal vere så vanskeleg, seier ho.

Slit med rekrutteringa

Ane Eide Kjærås, prosjektleiar for jentesatsinga i fotballforbundet, syns det er særs uheldig å høyre slike historier.

– Det er sjølvsagt beklageleg at tilbod og heile lag forsvinn. Det er ikkje bra, og noko vi må prøve å gjere noko med når vi er i ein meir normal situasjon, seier Kjærås til NRK.

Ane Eide Kjærås

SATSAR PÅ JENTENE: Ane Eide Kjærås. Her frå sin tidlegare jobb i Kystverket.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

På spørsmål om det er vanskeleg å rekruttere trenarar til jentefotballen, svarer Kjærstad dette:

– Vi veit at klubbane slit med å rekruttere trenarar på eit generelt grunnlag. Vi i NFF må vere lydhøyre for tilbakemeldingar frå klubbane og kretsane om korleis dei opplev situasjonen, men ein viktig del av NFFs strategiplan er nettopp det å sikre eit likeverdig tilbod for jenter og gutar i klubb.

– Er det skilnad på trenarane i jente- og gutefotballen?

– Det formelle kompetansenivået hjå trenarar på gute- og jentelag på barnenivå skil seg ikkje vesentleg frå kvarandre. Det vi derimot ser er at dess eldre dei blir og dess høgare nivået er, då endrar kompetansen seg. Det vil seie at dei eldste gutelaga har betre kompetanse enn tilsvarande på jentesida.

Ein ting Kjærstad er sikker på, er at ein kan bli mykje betre på dette området.

– Ja, eg trur definitivt at vi har potensial som er uutløyst. Vi kan bli betre. Det trur eg få i klubb-Noreg vil vere ueinig i, avsluttar Kjærstad.

Siste nytt

  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28) og kaptein Maren Mjelde (34).

    De er ute med skader og har ikke vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten
  • Napolis Jesus skuffet over utfallet av rasismesak

    Italias fotballforbund straffer ikke Inters Francesco Acerbi etter påstander om rasisme. Napolis Juan Jesus kjenner på «bitterhet» over avgjørelsen.

    Det var i Serie A-oppgjøret mellom Napoli og Inter tidligere i måneden at Acerbi skal ha uttrykt seg rasistisk til Jesus.

    Acerbi beklaget etter hendelsen, men benekter å ha kommet med noen rasistiske bemerkninger. Han måtte likevel reise hjem fra landslagssamlingen med Italia mens forbundet etterforsket saken. Tirsdag ble den skrinlagt på grunn av manglende bevis.

    – Selv om jeg respekterer avgjørelsen, har jeg problemer med å forstå den, og jeg kjenner på bitterhet, sier Jesus i en uttalelse Napoli har publisert på sine nettsider.

    – Jeg er skuffet over utfallet av en alvorlig sak som jeg håndterte som en «gentleman», for å unngå å stoppe en viktig kamp. Jeg frykter at denne avgjørelsen vil sette et uheldig eksempel som rettferdiggjør en viss type oppførsel.

    Acerbi risikerte å bli utestengt i opp mot ti Serie A-kamper og deler av sommerens EM hvis han hadde blitt kjent skyldig.

    – Jeg har vært profesjonell i 20 år, og jeg vet hva jeg sier. Det kom ikke den typen ord ut av munnen min, det var han som misforsto, sa Acerbi like etter kampen.(NTB)

    Juan Jesus
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal