NRK Meny
Normal

Landslagslege: – Ikkje vanleg praksis å medisinere slik i kombinert

Landslagslege i både langrenn og kombinert, Petter Olberg, meiner det er ein stor forskjell i måten dei to ulike landslaga behandlar utøvarar med luftvegsproblem på.

Kombinert

FORSKJELL: Det er ein stor forskjell i måten dei to ulike landslaga behandlar utøvarar med luftvegsproblem, seier landslagslege i både langrenn og kombinert, Petter Olberg.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

– Atrovent kan bli gitt for å behandle irriterte lunger sjølv om utøvaren ikkje har astma. Det er ein avansert form for hostesaft, seier Petter Olberg, landslagslege i både langrenn og kombinert.

Men ein slik medisinbruk er ikkje vanleg i kombinertleiren, ifølge Olberg.

– Det er ikkje noko vanleg praksis å medisinere slik i kombinert.

Ulik praksis

Heller ikkje skiskyttarlandslaget har brukt praksisen som Olberg forklarar, og som landslagssjef i langrenn, Vidar Løfshus, bekrefta på pressekonferansen i går.

– Skiskyting har aldri brukt astmamedisin for å førebyggje, seier mangeårig landslagslege Lars Kolsrud hjå skiskyttarane til NRK.

Løfshus forklarte i går at medisinar som Pulmicort og Atrovent er gitt til utøvarar som obstruktive lunger, som eit viktig ledd i forebyggingen av astmasjukdommar. Kolsrud avkreftar at det same har skjedd i skiskyttarleiren.

– Det har ikkje vore nokon tradisjon for det i skiskyting, seier Kolsrud som var landslagslege for både herre- og damelaget frå 2001 til og med Sotsji-OL i 2014.

– Få brukar astmamedisin hjå oss

Også medisinsk koordinator på skøytelandslaget, Aleksander Killingmo, seier at alle som får astmamedisin har fått diagnostisert det på førehand.

– Det er få som brukar astmamedisin hjå oss, dei som brukar det er dei som er diagnostisert gjennom spirometri-testing, seier Killingmo, og utdjupar:

– Me brukar astmamedisin for dei som me får diagnostisert astma ved spirometri, altså pustetest. Dei pustetestane gjer me stort sett fleire gonger i året for å sjå om me skal justere medisinbruken opp eller ned.

Vidar Løfshus

VIL FOREBYGGE: Landslagssjef i langrenn, Vidar Løfshus sa i går at førebyging er ein viktig del av medisingeringen til langrennsløparar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Killingmo trur derimot at Løfshus og langrennslandslaget ikkje gjer noko dei ikkje burde.

– Det er klart det er ønskeleg at utøvarar er minst mogleg sjuke. Eg trur det er vanskeleg, å presentere det heile og fulle biletet i media. Eg trur ikkje dei gjer noko dei ikkje burde.

Uforståande til utøvarpåstandar

Olberg, som har ein fot i begge leirar, er også heilt sikker på at langrennslandslaget har følgt boka.

– Eg stiller meg uforståande til at utøvarar påstår at dei blir tilbydd astmamedisin når dei er friske.

Han har sjølv vore med som lege på verdscuprenn. Olberg seier at det alltid er legen på staden som gjer vurdering av om løparen i det heile skal få starte, og eventuell kva behandling som blir gitt.

– Den legen som er der lyttar på utøvaren. Først må ein finne ut om han er frisk nok til å gå rennet. Er det irritasjon i lungene, brukar me i hovudsak saltvatn. Eventuelt brukar me Atrovent, som er ein slimløysande medisin. Den står ikkje på dopinglista, og det er lågare terskel for bruk.

Siste nytt

  • Curling-tap mot Sveits

    Thomas Ulsrud og hans lag tapte 6-8 for vertsnasjonen Sveits i andre kampe i curling- EM. Tidlegare i dag opna Norge med 11-3 over Russland.

    Neste kamp går mot Nederland søndag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal