Først diska Reiten opp med ei praktskåring. Så kom ho med ei tydeleg oppfordring til FIFA

Norske landslagsspelarar held fram med å markere mot Qatar-VM. Denne gongen var det dei norske kvinnene sin tur til å markere.

Football, International Friendly, Belgium - Norway

Foto: Ludvig Thunman/BILDBYRÅN

Laster innhold, vennligst vent..

«Human rights» stod det inne i handflatene til dei norske fotballkvinnene før privatlandskampen mot Belgia. Det er ei forlenging av protesten frå herrelandslaget om forholda til arbeidarane i Qatar.

– Me ville vise at me støttar NFF og herrelandslaget og bruke vår stemme. Så håpar me FIFA tar ansvar og blir meir bevisst, sa Guro Reiten etter kampen.

Guro Reiten, og resten av landslaget markerer for menneskerettar før kampen mot Belgia

MARKERING: Dei norske landslagsspelarane ville vise sin støtte til NFF og herrelandslaget.

Foto: NRK

Markeringane har kome etter at det har blitt avdekt fleire brot på menneskerettane til gjestearbeidarane som bygger fotballanlegga.

– Me vil vise at me vil påverke. Me har eit forbund som har jobba hardt med dette spørsmålet, og eit herrelandslag som tok eit tydeleg standpunkt og me ville vise at vi støttar dei, sa landslagstrenar Martin Sjögren.

Kvinnene skal ikkje spele VM i Qatar til neste år. Neste VM for dei er i Australia og New Zealand i 2023, men til Dagbladet fortel pressesjef for kvinnelandslaget, Ingvild Isaksen, at spelarane sjølv tok initiativ til markeringa.

– Eg synest det er fint at dei viser at NFF står samla bak det, at det er ein markering som ikkje berre gjeld eitt lag, men ein heil organisasjon, seier NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp.

– Den kan me nyte mange gonger

Ansvar tok også Reiten da det lugga i første omgangen mot Belgia. For da Norge sleit, fekk Chelsea-spelaren vist fram x-faktoren i venstrebeinet like før pause.

– Det er klasse. Det er følsamt. Den kan me nyte mange gonger, sa NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Veldig digg å få den skåringa, sa Reiten med eit smil etter kampen.

– Langt unna der me vil vere til EM neste år

Dei norske spelet blei langt betre i andre omgang, og da det stod att knappe tjue minutt dobla Lisa-Marie Utland leiinga. Det var hennar landslagsmål nummer tjue.

– Der gjekk det raskt framover, sa Nilssen.

– Ja, me har mykje betre flyt offensivt no, svarte Torp.

Norge vann kampen 2–0. NRK sin fotballekspert meiner likevel at ein må prestere mykje betre i EM i England.

– Me er langt unna der me vil vere i EM til neste år, men det var ein start. Også var det heilt forventa at det ville gå litt opp og ned, for grunnlaget for spelarane er veldig forskjellige. Nokon kjem frå ein kvardag der dei ikkje får trent, og andre er i full trening. At relasjonen og dynamikken i laget er svake er heilt forventa eigentleg, seier Torp.

På tysdag blir det hakket tøffare motstand når Tyskland ventar i neste privatlandskamp.

Siste nytt

  • Nedtur for Hege Riise og England

    Hege Riise måtte tåle sitt annet tap som Englands landslagssjef da Canada vant 2-0 i tirsdagens oppgjør i Stoke. To engelske forsvarsbrølere avgjorde privatlandskampen.

    UEFA Champions League-kvalifisering, kvinner. LSK - Linfield 4-0
    Foto: David Catry / NTB
  • – Klubber får utsatt seriestarten

    Seks eliteserieklubber i fotball som har vært under treningsnekt i en lang periode, får utsatt seriestarten til 16. mai, erfarer VG.

    Det innebærer at første serierunde vil gjennomføres med fem kamper, ifølge VGs opplysninger. Haugesund og Viken-klubbene Stabæk, Lillestrøm, Sarpsborg, Mjøndalen og Strømsgodset spiller ikke i første runde.

    Samtidig flyttes Odd – Sandefjord fram fra 12. mai til åpningshelgen. Disse to lagene var også rammet av de strengeste koronatiltakene en periode, men har fått trene den siste tiden.

    Konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund ønsker ikke å kommentere VGs opplysninger før klubbene har fått beskjed om det reviderte oppsettet, men sier at man har forsøkt å komme klubbene som ønsker senere seriestart, i møte.

    Eliteserien fotball 2020: Rosenborg - Brann.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Snooker-esset klar for VM

    Det norske snookeresset Kurt Maflin er klar for årets VM i snooker, som første av i alt 16 spillere. Maflin slo briten Robert Milkins 10–4 i den andre og siste kvalifiseringskampen.

    – Det er veldig imponerende det Kurt har fått til nå. Han vinner 10-4. Det er en veldig solid seier, og han er den første av spillerne som klarer å kvalifisere seg til «Crucible», akkurat som han gjorde i fjor, sier Discovery-ekspert Edwin Ingebrigtsen til NRK.

    Maflin tok seg hele veien til kvartfinalen under fjorårets VM, men gikk tapte til slutt mot Anthony McGill. Årets VM starter førstkommende lørdag, og Ingebrigtsen har tro på ny snooker-bragd.

    – Hvis han er litt heldig med trekningen i første runde, og unngår de største kanonene, så tror jeg at han kan gjøre det veldig bra. Det er lov å håpe på en kvartfinale eller semifinale, men vi får ta en kamp om gangen, sier Ingebrigtsen.

    Britain Snooker
    Foto: Nigel French / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal