Hopp til innhold

Ikkje brot: «Berre» kraftig overtråkk for landslagskapteinen

Stine Bredal Oftedal skreik av smerte då ho måtte berast av bana i kvalifiseringskampen mot Kroatia, der Norge sikra EM-plass. Men det var heldigvis ikkje brot.

Stine Bredal Oftedal

FRYKTELEG VONDT: Landslagskaptein Stine Bredal Oftedal ligg nede med store smerter. Det er ankelen det har gått ut over

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Seint i kveld melder Norges Håndballforbund at det «berre» er eit kraftig overtrakk for landslagskapteinen.

– Det var min eigen feil. Eg hoppar inn og landar forkjært, seier Oftedal sjølv.

– Eg er glad røntgenbileta ikkje viser meir enn det.

Landslagslege Anne Froholdt stadfestar at det ikkje er snakk om ein alvorleg skade. Det er likevel for tidleg å seie noko om når Oftedal er tilbake på bana.

Det var eit par minutt før pause at landslagskapteinen landa forkjært. Ho blei liggande og vri seg i tårer og store smerter, og måtte berast av bana.

Ho blei send til sjukehus for undersøking.

– Vi la på is med ein gong, og drog deretter på legevakta for å ta bilete for å utelukke brot. Ho trakka over, og vi kryssar fingrane for at det berre var det. Vi veit meir seinare i kveld, seier fysioterapeut Trond Viggo Sjøbakk til NRK.

– Håpar det berre var overtrakk

Stine Bredal Oftedal

TIL SJUKEHUS: Det er enno uvisst kor alvorleg skaden er

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Vi fekk vite at det var ankelen, meir veit eg ikkje. Det kan vere ille nok. Eg håpar det var berre ein kraftig overtrakk, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.

– Det er uansett godt nytt, fordi det med det same såg ut som om det kunne vere kneet. Det hadde vore langt verre, legg han til.

– Stine er kjempeviktig for laget, seier Heidi Løke.

Ute på bana kom Norge veldig dårleg i gang. Kroatia gjekk raskt opp til leiing 5–1. Så svikta stadionuret, og det blei nokre minutt pause medan det blei fiksa.

– Vi byrjar litt famlete, vi er ikkje heilt der. Så spelar vi oss opp fram mot pausen, og spelar bra dei første 20 i andre omgang, seier landslagssjefen.

Med dagens kamp gjekk Heidi Løke forbi sin bror Frank i talet på landskampar og står med 186. Men ho var ikkje heilt nøgd med prestasjonen i dag.

– Vi slit i store periodar i forsvar. Dei kjem for enkelt gjennom. Men vi har mange kampar igjen før EM. Eg er glad vi har sikra plassen.

Klokkepausen god for Norge

Med klokka i gang igjen kom også Norge i gang, og på kort tid var det 5–5. Kroatia slapp ikkje taket, og først etter nærmare 17 minutt var Norge i føringa. Ved pause stod det 13–12 til heimelaget.

Kroatia hang god med også dei 10–12 første minutta av andre omgang også, og heldt følgje til 19–19.

Irritert etter konsentrasjonssvikt

Men så sa Norge takk for følgjet. Kroatia blei frustrerte og pådrog seg mange utvisingsminutt. Det hjelpte ikkje, Norge drog frå og leia ei stund med 10 mål. Litt norsk konsentrasjonssvikt på slutten, og sifra til slutt blei med 33–27.

– Thorir var irritert på oss etter kampen fordi vi ikkje heldt fokus heilt til slutt. Det forstår eg godt, seier Løke.

Amanda Kurtovic blei norsk toppscorar med 7 mål. Heidi Løke scora 6.

Dermed er plassen i handball-EM i Frankrike i desember klar for Norge. Dermed får dei to siste kampane, mot Ukraina og Sveits i månadsskiftet mai/juni, liten betydning.

Siste nytt

  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters
  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal