Landslagsdebutanten er lei spørsmål om RBK-broren: – Håpar han får spørsmål om meg snart

Han er førstereis på landslaget, og trudde knapt det han høyrde då han fekk beskjed om at han var inkludert i landslagstroppen. No håpar Eskil Dahl Reitan at det er storebror som får spørsmål om familierelasjonane framover.

Eskil Dahl Reitan

DEBUTEN: Eskil Dahl Reitan sat på benken gjennom kampen mot Danmark, men landslagsdebuten kan vere like rundt hjørnet.

Foto: Annika Byrde / NTB

Denne veka skulle eigentleg Eskil Dahl Reitan vore i Polen for å spele kampar for rekruttlandslaget i handball. Men slik gjekk det ikkje. For midt under ei trening med Kolstad ropte trenar Stian Gomo til han at landslagssjef Christian Berge prøvde å få kontakt.

– Eg trudde han kødda med meg, seier Dahl Reitan når NRK møter han før kampane mot Nederland og Frankrike i Trondheim.

Men det var ingen spøk. For etter økta hadde 20-åringen eit tapt anrop frå landslagssjefen.

– Eg ringde tilbake, og då seier han: «Det blir ingen Polen-tur likevel». Då tenkte eg at no har dei sikkert henta inn nokon andre. Så seier Christian: «For du skal vere her i Trondheim på A-landslagssamling i staden».

– Då visste eg ikkje korleis eg skulle reagere. Eg blei tom for ord, og då var det berre å ringe kjærasten, mamma og pappa. Då var eg ordentleg høgt oppe, seier Dahl Reitan med eit smil.

Fekk frysningar

No har han vore på landslagssamling med nokre av verdas beste spelarar i ei knapp veke, og legg ikkje skjul på at nivået er høgt.

– Eg merkar at det er eit ganske stort nivå opp frå det eg er vand med i Kolstad, men eg føler at eg ikkje har gjort meg bort, og at eg har teke nivået greitt, seier han dagen etter at Noreg spelte mot Danmark i eit fullsett Trondheim Spektrum.

Trondheim Spektrum håndball

Sjølv om det ikkje blei speletid, rakk Eskil Dahl Reitan å få frysningar mot Danmark.

Foto: Annika Byrde / NTB

Debutanten sat på benken gjennom heile den kampen, men opplevinga sat likevel spor hjå 20-åringen.

– Sjølv om eg visste at eg ikkje skulle spele mot Danmark, så fekk eg frysningar når dei ropte opp namnet mitt. Det var heilt rått å gå inn i Trondheim Spektrum framfor 3.000 tilskodarar, seier han.

No håpar han også på å få landslagsdebuten sin på parketten til helga. Dermed kan han debutere på landslaget før storebror får sjansen med flagget på brystet i ein heilt annan idrett.

Idrettsfamilie

Dahl Reitan er nemleg eit kjend namn for trønderske fotballsupporterar. Storebror Erlend Dahl Reitan er fast inventar på eit medaljejagande Rosenborg denne sesongen, og har fleire aldersbestemte landskampar. Men ingen på seniornivå.

– Det er eigentleg ikkje så viktig, men det er jo sjølvsagt litt gøy å få debutere før han. Då ligg eg jo litt framfor, seier veslebror Eskil.

– Men vi er kome dit at vi berre unner kvarandre suksessen vi får, legg han til.

Og spørsmål om storebror har blitt ein gjengangar når handballspelaren stiller på intervju.

Football, Eliteserien, Rosenborg - Tromsø

Storebror Erlend Dahl Reitan i aksjon for Rosenborg.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Eg byrjar å bli litt lei ja, ler han.

– Eg trur kanskje at dersom eg er på ti intervju, så får eg spørsmål om han i ni av dei. Men nei, eg synest det berre er artig. Vi er ein idrettsfamilie, så eg synest det er artig at det blir lagt merke til. Eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje, men eg satsar på at han får spørsmål om meg snart.

Kolstad-spelaren legg ikkje skjul på at storebroren har vore viktig for hans karriere. Særskilt når han kan ta lærdom av opplevingane broren har i både med- og motgang.

– Ser ein vekk frå mamma og pappa, så har han vore den desidert viktigaste for meg. Eg kan spørje han om alt, så eg føler han har vore ein veldig viktig støttespelar, seier Kolstad-spelaren.

Kolstad-prosjektet

I nettopp Kolstad får Dahl Reitan snart selskap av fleire av dei største profilane i norsk handball. På søndag blei nemleg landslagskollegaene Sander Sagosen, Torbjørn Bergerud, Magnus Abelvik Rød og Magnus Gullerud presenterte som nye Kolstad-spelarar.

Den store satsinga i Kolstad er noko som gleder den unge spelaren.

Dahl Reitan

Eskil Dahl Reitan gler seg til å spele på lag med verdsstjerner i Kolstad.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Det er heilt rått at det kjem verdsstjerner til vesle Kolstad. Hadde nokon sagt det til meg for eit år sidan, så hadde ikkje eg trudd på dei i det heile teke. Men eg trur det blir rått å få store stjerner til Kolstad og få spele i Trondheim Spektrum, seier han.

Og sjølv om signeringa av nokre av dei største profilane i handballverda fører til større konkurranse om plassane på laget, er ikkje 20-åringen altfor uroa for framtida.

– Når ein går i djupna på det så har ein eit mål om å kome i Europa og forhåpentlegvis lenger i NM. Då blir det automatisk fleire kampar, og ein kan ikkje stille med det same laget i 50 kampar, seier han.

– Eg kjem også til å utvikle meg dei neste par åra, så eg reknar ikkje med at eg er på det nivået eg er på no når det store prosjektet setjast i gang. Så eg har eit mål om å ikkje berre sitje på benken når det prosjektet startar, seier han.

Før den tid ventar også ein mogleg debut på landslaget. Allereie på laurdag kan han få sjansen når Noreg møter Nederland i Trondheim Spektrum.

Siste nytt

  • Medvedev videre i Melbourne

    Russiske Daniil Medvedev er blant favorittene til å gå hele veien i Australian Open. Tirsdag slo han Henri Laaksonen i strake sett i den første runden.

    Tennisstjernen er seedet som nummer to i turneringen bak Novak Djokovic som ikke fikk delta fordi han ble fratatt visumet sitt.

    Mot Laaksonen (91 i verden) ble det enkel match med 6-1, 6-4, 7-6 (7-3). Med Djokovic ute av bildet og Roger Federer utilgjengelig på grunn av skade har tablået åpnet seg opp for Rafael Nadal og Medvedev.

    Russeren vant sin første Grand Slam-tittel i fjorårets US Open. Det var for øvrig på trening med Medvedev at Casper Ruud skadet ankelen sin og måtte melde forfall før den første runden. (NTB)

    Australian Open Tennis
    Foto: Hamish Blair / AP
  • Norge dropper flytur sammen med koronarammede Russland

    Lagledelsen for håndballgutta i EM takket nei til flyreise og valgte buss til Bratislava for hele troppen. Smittevernhensyn trumfet kortere reisetid.

    Norge har som et av få lag sluppet helt unna positive koronatester før og under EM. Mandag ble det klart at også Russlands tropp er rammet av virussmitte hos to spillere. Russland slo Norge 23-22 lørdag.

    Den opprinnelige planen var tog sammen med Russland-troppen og representanter fra Det europeiske håndballforbundet (EHF). Det opplegget ble skrotet tidlig mandag.

    Så lanserte EHF senere samme dag en felles norsk flyreise med den russiske delegasjonen og EHF-folket.

    – Vi fant ut at vi heller ville kjøre med teambussen. Det har vi fått ordnet. Det er enklere for oss og har også et element av trygghet i seg, sier landslagslege Thomas Torgalsen til NTB om turen Košice – Bratislava.

    Košice ligger øst i Slovakia, mens Bratislava er på motsatt side av landet. Det tar snaut fem timer med buss mellom de to byene. (NTB)

    Sander Sagosen og landslagssjef Christian Berge
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • To Zuccarello-assists i Wild-tap

    Mats Zuccarello noterte seg for to målgivende pasninger da Minnesota Wild holdt følge med Colorado Avalanche til full tid, men til slutt tapte 3-4 etter straffeslag.

    Nordmannens første målgivende pasning etter 6.46 minutter i tredje periode da ledet Avalanches 2-1.

    Zuccarello hentet inn en pasning som lagkamerat Matt Dumba nesten mistet til motstanderen. Nordmannen sendte den videre til Kirill Kaprizov, som satte pucken i mål fra spiss vinkel. Dermed sto det 2-2.

    Nathan MacKinnon scoret for Avalanche etter 16.28 i tredje periode.

    Bare 41 sekunder senere sendte Zuccarello av gårde et skudd fra litt over blueline. Det nådde ikke mål, men ble snappet opp av Kaprizov, som overlistet målvakten og sørget for 3-3. Det resultatet sto seg til kampen ble blåst av. Overtidsspillet ble målløst, og dermed måtte kampen avgjøres på straffeslag.

    Zuccarello var først ut, men bommet, og det var han ikke alene om. Først på det fjerde straffeslaget scoret Mikko Rantanen for Avalanche. Da Kirill Kaprizov bommet for Wild, var tapet et faktum. (NTB)

    Minnesota Wild v Vancouver Canucks
    Foto: Rich Lam / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal