– Alle reiser har sin slutt. Det har vore ei fantastisk reise, men eg tenker at vi bare er halvvegs, sa Flodin i ein tale under rolandslagets fest på Tufte Gård i Vestfold.
Orda fekk Nils Jakob Skulstad Hoff til å hoppe i taket medan lagkameratane applauderte for at dei også får suksesstrenaren Johan Flodin fram til OL i Tokyo om fire år.
– Å ha med Johan mot Tokyo er ei julegåve tidleg i oktober. Han er i ferd med å bygge opp eit fantastisk lag i Norge. Han er sannsynlegvis verdas beste trenar, seier Olaf Tufte.
Avgjørande for Tuftes karriere
Flodin har fått mykje av æra for at Olaf Tufte kom tilbake til toppen og tok sin fjerde OL-medalje i sommar.
No tar svensken fire nye år som sjef for det norske landslaget i roing. Utan Flodin ville Tufte etter alt å dømme lagt opp.
Etter Flodins forlenging fortel Tufte at han truleg ønskar å satse vidare.
– Det betyr i alle fall at eg vurderer å dra litt meir i årene, seier Tufte.
– Tenker du på OL?
– Først og fremst tenker eg på å fortsette, så må eg høyre med Johan om han er interessert i å ha meg med, seier Tufte.
Tidlegare VM-vinnar i dobbeltsculler, Skulstad Hoff, er sikker på at Tufte vil gjøre eit forsøk på å satse mot neste OL.
– Eg er overbevist om at Olav ikkje klarer å gi seg med dette. Han kjem kanskje ikkje til å satse fullt kvart år fram mot OL, men kanskje hoppe av litt og kople seg på igjen, seier Skulstad Hoff.
OL-SUKSESS: Olaf Tufte (tv) er glad for at Johan Flodin blir med vidare som Norges landslagstrenar. Her feirer Tufte og Kjetil Borch OL-bronse i Rio tidlegare i sommar.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix– Interesse frå rundt sju land
Flodin tok over som landslagstrenar etter OL i London i 2012. Det var det første OL-et utan norsk ro-medalje sidan 1968.
I Rio kom norsk rosport tilbake på medaljesporet, og med to bronse sørga Flodins elevar for halvparten av den norske medaljefangsten under OL.
49-åringen fekk fleire tilbod av andre nasjonar etter suksessen, men takka nei.
– Vi veit at han er ettertrakta i verda. Sjølv veit eg om seks til sju land som vil ha signaturen hans. Vi har gjort alt for å kjøpa han utan pengar. No er vi halvvegs til noko stort, seier Tufte.
Flodin signerte kontrakten på Tufte gård torsdag kveld.
– Det er desse menneska eg vil omgje meg med. Eg har hatt andre tilbod, men har hatt lyst til å jobbe vidare med menneska, seier landslagstrenaren.