Han trena saman med Max Hauke då langrennsløparane og skiskyttarane hadde felles samling i sommar.
Bilete av dei to i fellessamlinga var vist på den tyske dokumentaren som blei vist sist søndag. Videoen var også lagt ut på Facebook, men blei seinare fjerna.
– Men eg kjenner han ikkje ut over det, seier Landertinger, som ladar opp til VM i svenske Østersund.
Han vedgår at den austerrikske VM-troppen er prega av dopingavsløringane der langrennsløparar og etter kvart også syklistar frå Austerrike er avslørte etter lang tids politiarbeid. Max Hauke og Dominik Baldauf var langrennsløparane som blei avslørt.
– Det er trist, seier han.
I dag blei det også kjent at langrennsløparen Johannes Dürr er arrestert for medverknad til doping. Han er tidlegare dopingdømd og har sona straffa.
– Tragisk
– Korleis er det å drive VM-førebuingar med denne dopingskandalen som bakgrunn?
– Det går greitt, vi har vore i Ruhpolding og er grundig førebudde. Men det er klart vi følgjer med på det som skjer. Det er tragisk, seier Landertinger.
Han har sett videoen der Max Hauke får blodoverføring. Og han likar det ikkje.
– Eg blir sint. Det er noko drit.
Vil ha full oppklaring
No krev han at politiet får gjere ferdig ei god og grundig etterforsking, slik at det blir oppklart kva som har skjedd, og at alle involverte blir straffa. Ikkje minst bakmennene. Det er det aller viktigaste.
– Kan det som har skjedd, også rette mistanke mot austerrikarane i skiskyttar-VM?
– Nei, det trur eg ikkje.
– Kvifor?
– Vi driv ein rein sport. Langrenn er langrenn, skiskyting er skiskyting.
Men Dominik Landertinger er usikker likevel.
– Skiskyting er ein rein sport, eg veit ikkje noko meir. Eg lit ikkje på nokon lenger, men eg veit at eg er hundre prosent rein og ikkje har noko å skjule, seier han.
Bitnes gjer ikkje som Nystad
Norske Vegard Bitnes er trenar for Austerrikes skiskyttarkvinner. Han vedgår at dopingskandalen merkast.
– Den siste veka har vore veldig tøff for alle løparar og leiarar. Stemninga er spesiell, eigentleg. Vi har prøvd å forberete oss så godt vi kan. Løparane er ved godt mot, dei er trass alt her for det sportslege og for å prøve å gjere sitt beste. Men heile situasjonen er veldig uheldig, seier Bitnes til NRK.
Trond Nystad sluttar som trenar for Austerrikes langrennslandslag på grunn av dopingskandalen. Det synest Bitnes er leit, men han kjem ikkje til å gjere det same.
– Nystad er den fremste trenaren i mine auge, i alle fall i langrenn, og ikkje så langt unna i skiskyting heller.