– Eg har oppdaga fleire feil i Cecilias boksing. Desse skal eg utnytte og dra fordel av, seier Myriam Lamare (39) ei dryg veke før ho skal møte Cecilia Brækhus (32).
Kampen skulle eigentleg gått 18. januar. Men Brækhus fekk ein skade i auget, og kampen måtte utsetjast i to veker. Ho fekk ein finger i auget under sparring i Berlin.
I ei pressemelding som Team Sauerland har sendt ut, forma som eit intervju med Lamare, fortel ho at ho er i rute med førebuingane til kampen i Frederikshavn, og klar til å gi Brækhus skikkeleg motstand.
Vil la hendene snakke
– Eg har sett alle Cecilias kampar på video, og kvar einaste gong har eg funne feil ho gjer. Eg skal avsløre dei og vinne kampen, seier franske Lamare offensivt.
Kampen i Frederikshavn neste laurdag gjeld titlane i weltervekt i bokseforbunda WBO, WBA og WBC. Tre belte står med andre ord på spel.
– Dette blir ein stor kveld, og eg skal møte i toppform. Det skandinaviske publikum fortener å sjå begge boksarane på sitt beste, seier Lamare.
Brækhus har vunne alle sine 23 proffkampar, Lamare har vunne 22 og tapt tre. 1. februar møtest dei til kamp om tre titlar i byen nær Jyllands nordspiss.
– Har du noko du vil seie til Cecilia?
– Nei. Eg vil la hendene mine tale.