Han er spent framfor semifinalen. Der skal Norge møte sjølvaste Nederland, etter å ha slått New Zealand klart i kvartfinalen, men med ei tid som var dårlegare enn både Sør-Korea og Nederland.
– Laget hadde litt å gå på i kvartfinalen søndag. Dersom tredjemann hadde vore med heilt inn, hadde vi vore jamt med Sør-Korea. Vi låg framfor dei heilt til det ringde. Sverre (Lunde Pedersen, Jarle Pedersens son) gjekk i mål på omtrent same tid som Sør-Korea, seier han.
NRK-ekspert Even Wetten påpeikar at Norge har gode sjansar viss dei klarer å halde åtte rundar.
– I kvalifiseringa sprakk Sindre Henriksen da det stod att ein og ein halv runde. Så eg trur at viss vi får skikk på laget og orkar hele vegen med alle tre løparane, så kjem vi til å kunne slå Nederland, seier Wetten.
Taper tidelar på å skifte frontløpar
Lagtempo på skøyter er ein relativt ny øving, som stod på OL-programmet for første gong i Torino i 2006.
Norge har aldri tatt medalje.
Lagtempoen går over åtte rundar, og skulle derfor vore 3200 meter. Men fordi det er berre indresvingar, er den reelle distansen ikkje stort meir enn 3000.
Pedersen peikar på fleire element som skil lagtempo og individuelle løp.
– For det første blir det gått berre innersvingar, og på rundetider omkring 26. Det betyr stor muskelbelastning over åtte rundar, seier Pedersen.
– Å gå berre innersvingar i den farten – opptil 51 kilometer i timen i kvartfinalane – er veldig krevjande. Det er 16 innersvingar på ein lagtempo, og du ser ofte at folk blir stive på slutten.
– Den andre utfordringa er å komponere laget slik at ein får ein balanse mellom kor lange føringar kvar enkelt skal ta, og kor ofte ein skal skifte mannen i front. For kvar gong ein skifter, taper ein nokre tidelar medan den andre løparen skal fram, seier Pedersen.
– Ikkje «mindreverdig»
Fire løparar er i troppen.
Tre av dei går, men det kan skiftast frå runde til runde.
For Norge betyr dette at Håvard Bøkko tek plassen frå Sindre Henriksen, som var på laget i kvartfinalen.
Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen går også.
Jarle Pedersen har late seg irritere over at norske skøyteentusiastar ikkje reknar lagtempo-medaljar som like gode som medaljar i dei tradisjonelle skøyteøvingane.
Dette synspunktet har han teke eit oppgjer med på Facebook.
– Vi har ein del konservative idrettsinteresserte i Norge, slik har det alltid vore. Tenk på motstanden mot skøyting i langrenn og v-stil i hopp, seier Pedersen
– Men det er slett ikkje noko mindreverdig i lagtempo, tvert imot. Både taktisk og fysisk er det ei av dei mest krevjande øvingane i skøytesporten.