Hopp til innhold

Lagkameratane hyllast for kjapp handling

Då Christian Eriksen kollapsa på bana spurta Simon Kjær på tvers av grasmatta for å hjelpe lagkameraten sin. No hyllast det danske laget for korleis dei reagerte.

E2nNOL1z4B8

KOLLAPSA: Christian Eriksen kollapsa under møtet med Finland, og måtte ha livreddande hjelp på bana.

Foto: FRIEDEMANN VOGEL / Reuters

Idet Christian Eriksen kollapsa då han skulle ta imot eit innkast, stod Simon Kjær midt på bana, 50 meter unna.

Då Eriksen blei liggande urørleg på bakken reagerte kapteinen lynraskt, og spurta rett bort til lagkameraten sin. Som førstemann på plass bøyde han seg umiddelbart ned og la Eriksen i stabilt sideleie.

– Eit kjempegodt teikn

Ifølgje seksjonsoverlege ved arytmiseksjonen ved Oslo universitetssykehus, Erik Kongsgård, kan dette ha vore avgjerande for Eriksens tilstand.

– Det er veldig viktig å sikre luftvegar, puls og setje i gang med hjarte-lunge-redning. Det er avgjerande å gjere dette raskt, seier Kongsgård.

Den raske reaksjonen til spelarane og dommarane i Parken gjorde at det tok under to minutt frå Eriksen gjekk i bakken, til dei byrja med hjarte-lunge-redninga.

– Han fekk hjartemassasje på bana, og heldigvis kom han tilbake før dei forlot stadion. Han fekk lynrask behandling, og det redda Christian, sa Peter Møller, som er fotballdirektør i det danske fotballforbundet ifølge danske B.T.

6UJXeoQSlSA

SKJERMA: Finske flagg blei tekne i bruk for å hindre innsyn til Eriksen.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Reuters

Samtidig blei det sett opp tre vegger av finske flagg og teppe slik at ein ikkje kunne sjå inn på scenene som fann stad. Den siste veggen danna dei danske spelarane.

Etter at han hadde fått tilsyn i 15 minutt blei Eriksen frakta ut på båre, og teken til Rigshospitalet. Derifrå snakka han med lagkameratane sine før dei skulle starte kampen igjen.

– Det at han er vaken og snakkar er eit kjempegodt teikn. Hadde tilstanden vore dårlegare ville han ikkje vakna så raskt, seier Kongsgård.

Det var Eriksen sjølv som bad lagkameratane om å halde fram med kampen, frå sjukesenga.

Tek imot hyllest

Måten alle saman ute på bana reagerte på har blitt hylla på sosiale medium. Frå dommar Anthony Taylors raske reaksjon då han blåste av kampen og tilkalla førstehjelp til den kollektive reaksjonen til dei danske spelarane.

For medan Eriksen fekk hjelp på bakken stilte dei danske spelarane seg i ein vegg rundt hjelpemannskapet, som om dei stilte seg opp som mur på eit frispark, for å skjerme han for kamera.

Bv_eWRJtdcc

SAMAN: Dei danske spelarane reagerte raskt, og danna ein vegg slik at ein ikkje hadde innsyn inn mot det som skjedde på bana.

Foto: Stuart Franklin / AP
Dansk hyllest

​​​​​​​ – Høg klasse, skriv Sportbible på Twitter om korleis danskane reagerte då dei stilte seg opp rundt Eriksen.

Og då kjærasten til Eriksen tok seg forskrekka inn på bana var Kasper Schmeichel og Kjær raske med å omfamne og trøyste ho.

kjær-hyllest
Fabrizio Romano

Medan supporterane venta på å få informasjon om situasjonen byrja finske og danske fans å rope namnet hans fram og tilbake. Finnane ropte «Christian», medan danskane ropte «Eriksen».

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal